Landskapsplanlegging
Ingrid M Ødegård i jury for pris for Vakre Veger.
Kjersti Sørlie Rimer
Ingrid Merete Ødegård, lærar innen landskapsarkitektur ved ILP, er med i ein jury som skal dele ut Vegdirektørens pris for Vakre Veger.
Vegdirektørens pris for Vakre Veger Prisen er ein heiderspris for anlegg med gode estetiske kvalitetar tilpassa omgjevnadene. Det kan vere vegar, gater, bruer, tunnelar eller tilhøyrande anlegg og utstyr. Anlegget må vere ein del av det offentlege vegnettet. Det er ein føresetnad at kvalifiserte prisobjekt er heilskapleg utforma i høve til omgjevnadene, og fungerar godt med tanke på trafikktryggleik, framkomst, teknologi og drift og vedlikehald.
I år skal det delast ut to prisar; ein pris til eit nyare anlegg, og ein pris til eit anlegg som framhevar seg når det gjeld drift og vedlikehald. Både eit vakkert nyare anlegg og eitt kor åra har vist at anlegget har eldest med verdigheit skal heidrast.
Meir om prisane
Barn på Storplenen, 2008
Foto: Kjersti Sørlie Rimer
Oppdatert: 05.09.08
Utskriftsvennlig versjon
Del med en venn: