Landskapsplanlegging
Universell utforming ved ILP
Kjersti Sørlie Rimer
Etterutdanningstilbod innan universell utforming har vore eit årleg tilbod ved ILP sidan 2003. Sigmund Asmervik har vore pådrivar for dette.
Sigmund Asmervik
Foto: Kjersti Sørlie Rimer
Universell utforming ved ILP ILP arrangerte i 1998 seminar om funksjonshemming og tilgjengelegheit. Sigmund Asmervik var primus motor for dette. Han hadde god kontakt med utlandet og var i 2002/2003 ved University of California - Berkley - der han arbeidde saman med fagfellar innanfor fagområdet universell utforming. Asmervik var medlem av staten si råd for funksjonshemming i perioden 1999-2007. Denne aktiviteten la grunnlaget for ILP sin etterudanningsverksemd innan universell utforming.
I 2003 starta ILP med etterutdanningskurs innanfor emnet, fortel Asmervik. Dette blei gjennomført i regi av ILP fram til og med 2005.I 2005 blei NTNU invitert til å delta i planlegging og gjennomføring av kurset. Sidan den gongen har etterutdanning innan universell utforming vore eit samarbeidsprosjekt. Fagområdet er delt slik at NTNU tek samferdsel og bygningar, mens ILP tek for seg byrom og uteområde. På desse 6 åra har over 200 personar frå offentleg og privat sektor vore innom kursa.
Asmervik er glad i å formidle kunnskap og kan stolt fortelje at ILP har hatt ein 8-10 særs gode mastoppgåver på emnet.
Vegen vidare I desse dagane er emna universell utforming meir aktuelt eit noko sinne. Dette kjem av at omgrepet universell utforming kjem inn i ”Diskriminering og tilgjengeleghetslova” med verknad frå 01.01.09 og i ny ”Plan- og bygningslov”.
ILP har fått gode attendemeldingar på emna og fortset med kursa i universell utforming.
Asmervik skriv på ei bok innanfor emnet og arbeid med eit prosjekt som ser på korleis ein kan betre integreringa av universell utforming i undervisninga i landskapsarkitekturstudiet.
Publisert: 15.12.08
Oppdatert: 25.02.09
Utskriftsvennlig versjon
Del med en venn: