Vellukka karrieredag for landskapsingeniørstudentane
Ingrid Madsen
Onsdag 3.mars arrangerte ivrige studentar i samarbeid med instituttet for landskapsplanlegging ein karrieredag skreddarsydd for dei spirande landskapsingeniørane.
Karrieredag LING 2010
Foto: Ingrid Madsen
Dagen blei eit spanande møte mellom moglege arbeidsgjevarar og studentar. Spesielt interessant var det for studentane, som går på eit relativt nytt studiet, å høyre frå arbeidsgjevar og organisasjonar kva oppgåver det var å få i dei ulike bedriftene. Og det viste seg at spekteret av oppgåver er stort.
Bedrifter og organisasjonar som deltok var blant anna Statens Vegvesen, NAML, ISS Landscaping, Snøhetta og Asplan Viak.
Spente landskapsingeniører under karrieredag 2010
Foto: Ingrid Madsen
Etter presentasjonar frå instituttet, bedrifter, organisasjonar og studentane sjølve vart det god tid til nysgjerrige studentar å bli kjende med den store variasjonen av jobbar som ventar etter endt studium. Dagen blei ein flott anledning til nettverksbygging mellom næringslivet og landskapsingeniørstudentane.
No ligg utfordringa berre i om arbeidsgjevarane vågar å satse på denne nye utdanninga og at studentane fortset med stå-på-viljen for å vise at behovet for dei er der!
Stor interesse under karrieredag for landskapsingeniører 2010
Foto: Ingrid Madsen