Sidenavigasjon: Hovedside / Institutter / Matematiske realfag og teknologi [Sidekart] [Kontakt] Dept. of Mathematical Sciences and Technology
Tekststørrelse.

IMT
- Om IMT
- Ansatte ved IMT

Studier ved IMT

Forskning ved IMT

Publikasjoner

PhD-siden

Nyhetsarkiv

Fagklim

Matematiske realfag og teknologi

Bygningar frå Ole Sverres periode

Kjersti Sørlie Rimer

Johan L Hirsch, ny direktør for den Høiere Landbruksskole i Ås, tiltrødde raskt som forman for den parlamentariske landbrukskommisjonen som eit år seinare la fram ei innstilling som la grunnlaget for omdanning av den Høiere Landbruksskole i Ås til høgskule.


Første byggjeplan for omgjering til høgskule
Høgskulen blei etter fleire diskusjonar vedteke lagt til Ås, og det gjeldande skuleanlegget måtte gjerast til eit tidsmessig høgskuleanlegg for norsk landbruk. Det skulle vere eit ruralt motstykke til eit tradisjonelt, urbant universitetsanlegg


Urbygningen sett fra RV 152
Urbygningen sett fra RV 152 Foto: Kjersti Sørlie Rimer

Hirsch laga eit program med fire punkt for å følgje opp omlegginga.
1. Eterom/kantine, kjøkken og rom for tenestejenter, samt kontor, møterom for skuleråd og gjesterom skulle vere eige hus åtskilt frå hyblane til studentane. Fløybygningen som var skadd i brann blei foreslått til dette.( Økonomibygningen)

2. Studentane skulle bu i dei to andre bygningane, men det skulle vere minst ei lærarleilegheit i kvar av dei. ( Tivoli og Cirkus)

3. Lærarane skulle fordelast i dei tre bygningane, pluss i undervisningsbygningen (Parkgården) og gartnarbustaden ved Svanedammen. I tillegg skulle det byggjast nye lærarbustader på dertil eigna tomt.

4. Det måtte oppførast ein ny, tidsmessig undervisningsbygning, med lese og teiknesalar, laboratoria, samlingsrom, arbeidsrom og bibliotek.( Urbygningen)

Tivoli
Tivoli Foto: Kjersti Sørlie Rimer

Dette gav ei liste over bygningar som såg slik ut:
1. Ny undervisningsbygning (Urbygningen)
2. Gjenoppføring og utviding av søndre fløybygning (Økonomibygningen)
3. Ombygging og utviding av nordre fløybygning (Tivoli)
4. Nytt drivhus
5. 1 lærarbolig for 2 lærarar
6. 4 lærarboligar for 1 lærar
7. Innkjøp av Landmarks bygning
8. Elektrisk belysning i undervisningsbygningen (Ur), hovedbygningen (Cirkus) og dei to fløybygningane
9. Sentraloppvarming i undervisningsbygningane og i vestre fløybygning (Tivoli)
10. Ombygging av den nåværande undervisningsbygningen (Parkgården)
11. I tillegg kom veg, kloakk, toaletter, utviding av vannledningar, utstyr og innredningar. Dette blei kostnadsberegna til 682 000,- kroner.

Kort tid etter at Stortinget hadde vedteke utbygginga blei det klart at det trongst to hus til, det var eit forsøksmeieri og ein bygning for behandling og lagring av frukt. Også disse kom med i den intense byggeperioden frå 1897 til 1902.

Fasade mot Urbygningen og Tårnbygningen
Fasade mot Urbygningen og Tårnbygningen Foto: Kjersti Sørlie Rimer
]
Ominnredning og utviding av hovedbygningen blei holdt utanfor i første omgang. Dette skulle etter planen ikkje gjennomførast før talet av elevar og lærlingar hadde kome over 100, noko som ikkje var ansett som sannsynleg i løpet av dei første åra. Men byggeprosjekta gikk godt og hovedbygningen blei gjort om før tida. Heile byggeprosessen var omlag ferdig sommaren 1902.

Detalj inngangsparti Urbygningen
Detalj inngangsparti Urbygningen Foto: Kjersti Sørlie Rimer

Ole Sverre
Ole Sverres innsats som arkitekt ved NLH spenner frå seinhistorisme og dragestil omkring 1890 til nyklassisismen i 1920-åra. Karakteristisk for Sverres arkitektgjerning var heile tida ei gjennomarbeidd tolking av dei skiftande stilideala og ein høg arkitektonisk kvalitet på byggverka han skapte.








Trappeoppgang Økonomibygningen
Trappeoppgang Økonomibygningen Foto: Kjersti Sørlie Rimer

Med det opne sinnet sitt og vide kontaktflate klarde han å trekkje til seg gode samarbeidspartnarar, som blant anna kunstnarar til utsmykking, detaljering med vidare. Han hadde ord på seg for å vere ein dyktig administrator, med evne til å gjennomføre store og kompliserte byggjeprosjekt på ein effektiv måte. Byggjeaktiviteten i perioden 1897-1902 viser at han denne gongen også leia prosjektet på ein effektiv måte.



Økonomibygningen, 1987
Tivoli, 1900
Cirkus, 1901
Trehusene fra Ole Sverres tid
Urbygningen
Tårnbygningen
Øvrige murbygninger
Bygningsmateriale - generell historikk 1865-1925

Informasjonen er henta frå ”Bygninger ved Norges Landbrukshøgskole tegnet av Ole Sverre” skrevet av Erik Aas jr. i 1996.

Publisert: 09.11.07
Oppdatert: 22.12.08
Utskriftsvennlig versjon

Del med en venn:




 
 
Institutt for matematiske realfag og teknologi

Postboks 5003
1432 Ås.
Besøksadresse: Drøbakveien 31
Tlf.: 64 96 54 00, sentralbord UMB er 64 96 50 00
Faks: 64 96 54 01
Epost: imt@umb.no

 
Relasjoner til saken

Økonomibygningen
Tivoli, 1900
Cirkus, 1901