Sidenavigasjon: Hovedside / Institutter / Matematiske realfag og teknologi [Sidekart] [Kontakt] Dept. of Mathematical Sciences and Technology
Tekststørrelse
om umb
utdanning
forskning
english
150 ÅR
1859 - 2009

IMT

Studier ved IMT

Forskning ved IMT

Publikasjoner

PhD-siden

Nyhetsarkiv

Fagklim

Om IMT

Matematiske realfag og teknologi

Økonomibygningen

Kjersti Sørlie Rimer

Økonomibygningen er ein av dei tre skulebygningane som blei bygd til skolestart 1859. Bygningane danner eit naturleg symetrisk tun rundt tuntreet (lind) som blei planta i mai 1864.


Økonomibygningen før den brann
Økonomibygningen før den brann Foto: Hentet fra NLH 1859-1909

Økonomibygningen stod ferdig i 1897 og er ein toetasjes murbygning med full kjellar og loft. I kjellaren var det hushaldsrom som bryggjeri, bakeri, grovkjøkken og fryseri. Det var kjellarrom for bokhaldaren, bad med to kummar og tre avkledingsrom.

I fyrste etasje var det kjøkken med anretning, etestove for fjøsgutar og drenger. Hyblar for Husfrua og to jenter og leilegheit med 5 rom til bokhaldaren.


Matsal iØkonomibygningen
Matsal iØkonomibygningen Foto: ukjent

I annan etasje var det ein stor matsal for elevane med inntil 122 sitjeplassar. Det var ein mindre matsal for tilreisande, eit anretningsrom, tre soverom for tilreisande, eit møterom for skuleråd og tre kontor.

Erfaringa er at ein var fornøgd med matsalen, den verka stort og lys og var varm til trass i stor takhøgde. Golvflisene var lette og holde reine og ga salen et propert utseende.





Gamal grunnmur Økonomibygningen
Gamal grunnmur Økonomibygningen Foto: Kjersti Sørlie Rimer
]
Bygningen blei reist som nybygg, delvis på gammal grunnmur og delvis på ny. Den gamle grunnmuren består av mørk naturstein med flate, uregelmessige mørtelfurer.












Ny grunnmur Økonomibygningen
Ny grunnmur Økonomibygningen Foto: Kjersti Sørlie Rimer

I den nye delen er materialet framleis naturstein, men steinen er meir regelmessig tildanna og fuginga er av pølsetypen.














Det er bruka raud teglstein i normalformat, lagdde i blokkforband og pølsefuga. Kjellar, 1.etasje og del av 2. etasje har innvendig midtre berevegg for etasjeskilje..

Tak matsal i Økonomibygningen
Tak matsal i Økonomibygningen Foto: Kjersti Sørlie Rimer

Etesalen i austre del av 2.etasje er open til takflata, som blir bore av seks regelmessig stilte frittbærande konstruksjonar av stikkbjelketypen. Taket er eit ordinært sperretak med tekking av skifer - lappheller.

Økonomibygningen
Økonomibygningen Foto: Kjersti Sørlie Rimer
Bygningen er akkurat fire gonger lengre enn den er brei, og er dekka av eit saltak i omlag 30 gradars vinkel. Mot tunet er det lagt på 3 fløyer som stikk omlag 3 meter fram. Den breie og representative i midten viser veg til etesal og avdeling for gjester.


Jernring for hesteekvipasjar
Jernring for hesteekvipasjar Foto: Kjersti Sørlie Rimer

Den austre betente hushaldsavdelinga og den vestre inngangen til administrasjonsavdelinga. Her finst det framleis jarnringar i muren for parkering av hesteekvipasjar.













Austre fasade Økonomibygningen
Austre fasade Økonomibygningen Foto: Kjersti Sørlie Rimer

Den austre fasaden viser spennet frå jomfrua(husfrua) sitt enkle rom og vindauge til den representative etesalen sine storslåtte vindauge. Søre og vestre fasade er enkle og symmetriske med to aksialt plasserte vindaugsrekkjer.










Tannet ståande rulleskift
Tannet ståande rulleskift Foto: Kjersti Sørlie Rimer


I fasaden er det to horisontale band som spring rundt heile bygningen. Det øvre viser skiljet mellom 2. etasje og loftet, og er danna av to smale pussa del-band med eit tanna, ståande rulleskift i mellom.




Fasade Økonomibygningen
Fasade Økonomibygningen Foto: Kjersti Sørlie Rimer

På fasadeutstikk med store vindauger går dette over til eit breit samanhengande pussa band som gir anfangerhøgda for dei bua vindauga, dette er mot nord og aust. Pussdetaljane blir tekne opp i struktur av pussa vertikale striper frå det øvre fasadeband opp under sperra. På gavlveggen er det trekantforma pussflater som avtrapping under taket si skrålinje. Det nedre bandet markerer overgangen frå grunnmuren sine gråsteinsflater til teglsteinsfasaden. Det blir danna av tre skift stein som er skuva fram og pussa.



Pynt under tak og brystningsfelt mellom vinduer
Pynt under tak og brystningsfelt mellom vinduer Foto: Kjersti Sørlie Rimer

Fasadeopningane er også ramma inn av pussdetaljar. Den dominerande vindaugstypen på sør-, aust- og vestfasaden er tofags krysspostvindauge. Dei har lågt butt overkarm med pussa innramming ned til tverrposthøgd. Ramma har skarpe hjørne og simulert sluttstein på toppen. Vindauga sit over kvarandre med eit mellomliggjande utsmykka brystningsfelt. Vindauga i fyrste etasje mot aust kan seiast å vere ein avsmalna ein-ramsvariant av den nemnde normalvindaugetypen.






Innvendig trappeoppgang Økonomibygningen
Innvendig trappeoppgang Økonomibygningen Foto: kjersti Sørlie Rimer

Nordfasaden er hovudfasaden og dermed rikt utsmykka. Dei fantasifulle stigande vindauga i trapperomma er markering av trappene på innsida, mens feltet i midten på ein raus femnande måte opnar seg og ønskjer velkomen.



















Detalj inngangsparti Økonomibygningen
Detalj inngangsparti Økonomibygningen Foto: Kjersti Sørlie Rimer

Dei karakteristiske tre runde vindauga på toppen utgjer eit tema som går att i ulike variantar i Sverres bygningar på Campus.



Matsal i Økonomibygningen
Matsal i Økonomibygningen Foto: Kjersti Sørlie Rimer

Økonomibygningen har i den seinare tida blitt pussa opp og framstår på utsida slik den gjorde for 100 år sidan. Den store matsalen er framleis i bruk til kantine. I tillegg til den er det møterom i 2. etasje og kontor for SIT og SEVU i fyrste etasje.

Informasjonen er henta frå ”Bygninger ved Norges Landbrukshøgskole tegnet av Ole Sverre” skrevet av Erik Aas jr. i 1996.



Publisert: 11.11.07
Oppdatert: 22.12.08
Utskriftsvennlig versjon

Del med en venn:




 
 
Institutt for matematiske realfag og teknologi

Postboks 5003
1432 Ås.
Besøksadresse: Drøbakveien 31
Tlf.: 64 96 54 00, sentralbord UMB er 64 96 50 00
Faks: 64 96 54 01
Epost: imt@umb.no