Sidenavigasjon: Hovedside / Institutter / Matematiske realfag og teknologi [Sidekart] [Kontakt] Dept. of Mathematical Sciences and Technology
Tekststørrelse.

IMT
- Om IMT
- Ansatte ved IMT

Studier ved IMT

Forskning ved IMT

Publikasjoner

PhD-siden

Nyhetsarkiv

Fagklim

Matematiske realfag og teknologi

Petter H Heyerdahl på stort folkemøte i Bø om klima og energi

Signe Kroken

 I tillegg deltek olje- og energiminister Terje Riis-Johansen og seniorforskar ved Meteorologisk institutt, Inger Hanssen-Bauer.


Plakat

Olje og energi ministeren kjem til folkemøtet

  Måndag 20. april arrangerar Midt-Telemarkrådet eit folkemøte om klima og energi på HiT Bø kl 18. (omvisning på Bø fjernvarme kl 17.00)

  Då er vi så heldige at olje- og energiminister Terje Riis-Johansen kjem. Hans departement styrer energipolitikken og Enova, som sit med mykje pengar til støtte til omlegging til miljøvenleg energi og andre klimatiltak, ligg under hans departementet.

  I tillegg deltek seniorforskar ved Meteorologisk institutt, Inger Hanssen-Bauer og førsteamanuensis ved Universitetet for miljø- og biovitskap, UMB, Petter H. Heyerdahl. Tema for dei to blir klimasituasjonen og moglege løysingar.

  Hanssen-Bauer laga dette klimaforedraget saman med blant anna Siri Kalvig for eit par år sidan, men vi får ei oppdatert utgåve. Då får vi blant anna generell klimainformasjon, fakta om påvirkning og historiske variasjonar. Dessutan naturlegvis prognosar for kva vi kan vente. Det er sjølvsagt naturlege variasjonar, men vår påvirkning dreg konsekvent i ei retning.

  Hanssen-Bauer er leiar for seksjon klimaforsking på Meteorologisk institutt, og har både analysert historiske data og laga scenario for framtida. Ho har doktorgrad i meteorologi, bur i Bø og vekependlar til Oslo. 

  Heyerdahl kan mykje om elbilar og bioenergi blant anna. Og framtidas elbil er ikkje berre ei pilleeske som ligg og lagar kø. 0 -100 på 3,1 sekund er dei rå fakta, då vil eg trur dei fleste er tilfreds.  Når ein i tillegg veit at 41 prosent av bilturane her til lands er under tre kilometer, så bør det vere rom for elbilen alt no. Moglegheitene og begrensingane når det gjeld bioenergi, vil han også snakke om.

  Heyerdahl er  førsteamanuensis ved Universitetet for miljø og biovitskap (UMB). Frå NTH, Teknisk kybernetikk, i 1980. Han har sida vore ved NLH, no UMB, og undervist i elektrofag og fysikk. Han har vore sentral i etablering av siv. ing. / masterprogram for fornybar energi ved UMB. Har nokre patenter, produkt, etableringar og konkursar bak seg og blir karakterisert som optimist med skrubbsår.

  Det vil bli ein debatt til slutt, då stiller også ordførarane i dei tre kommunane.  

  Vi vil også ha standar som viser klimavenleg teknologi for interesserte folk, og omvisning  på Bø Fjernvarme. Obs! Den startar kl 17.00.

 

Publisert: 20.04.09
Oppdatert: 21.04.09
Utskriftsvennlig versjon

Del med en venn:




 
 
Institutt for matematiske realfag og teknologi

Postboks 5003
1432 Ås.
Besøksadresse: Drøbakveien 31
Tlf.: 64 96 54 00, sentralbord UMB er 64 96 50 00
Faks: 64 96 54 01
Epost: imt@umb.no