Sidenavigasjon: Hovedside / Institutter / Matematiske realfag og teknologi [Sidekart] [Kontakt] Dept. of Mathematical Sciences and Technology
Tekststørrelse.

IMT
- Om IMT
- Ansatte ved IMT

Studier ved IMT

Forskning ved IMT

Publikasjoner

PhD-siden

Nyhetsarkiv

Fagklim

Matematiske realfag og teknologi

Tivoli

Kjersti Sørlie Rimer

Tivoli er ein av dei tre skulebygningane som blei bygde til skulestart 1859. Bygningane dannar eit naturleg symetrisk tun rundt tuntreet som blei planta 22. mai 1864.


Tivoli
Tivoli Foto: Anton Hjeltnes

Økonomibygget og Tivoli er plassert rett over kvarandre og er like lange. I 1859 var dei omtrent 26 meter lange og 11 meter bre. Dei fantasifulle namna har kome til i ettertid, opphavleg blei bygningane kalt nordre, og søre fløy.

Tivoli var den fyrste undervisningsbygningen, den innehaldt undervisningssal, teiknesal og laboratorium. I tillegg var det to familieleilegheiter med innlagt vatn og kloakkleidningar i andre etasje og fire elevrom i øvste etasje.
Tivoli
Tivoli Foto: Kjersti Sørlie Rimer
]




Vinduer trappeoppgang, Tivoli og Økonomibygning
Vinduer trappeoppgang, Tivoli og Økonomibygning Foto: Kjersti Sørlie Rimer

Ved utvidinga av skulen rundt hundreårsskiftet blei det behov for større lokale og dei tre skulebygningane blei vedtekne bygt ut. Arkitekt Ole Sverre fekk oppgåva. Tivoli var ferdig bygd om i 1900. Årstalet er prega i fasadepynten ved inngangspartiet.

Bygningen blei forlengd mot aust og, det blei gjort vesentlege endringer i fasaden og utbyggingar inn mot tunet. Tre utstikk/fløyer er bygt på, den midtre fløya er inngangspartiet, mens dei to sidefløyene inneheld trapper frå kjellar til loft.

Tivoli blei brukt som hybelhus for studentane fram til 1990. Frå 1992 har det fungert som kontorbygg for Noragric.




Utseende
Den opphavlege skulebygningen var eit enkelt mursteinshus med enkle buar over vindauga. Det var lagde stor vekt på symmetri. To vertikale takrenner delte bygget i tre delar, midtre del hadde vindaugsrekkjer av 3 vindauge, mens dei to andre hadde rekkjer av 2 vindauge. Inngangspartia låg på kvar side av midtpartiet. Det var tre takluker og fire piper. Teglsteinen var henta frå ein fabrikk ved Årungen. I grunnmuren blei det brukt Grorudgranitt.



Bakside Tivoli
Bakside Tivoli Foto: Kjersti Sørlie Rimer

Etter ombygginga blei hust endra i stil og storleik. Den glatte mursteinsfasaden inn mot tunet, blei erstatta med eit inngangsparti som var trukke fram og hadde mykje pynt. Taksteinen blei erstatta med Oppdalskifer.


På baksida av Tivoli kan ein tydeleg sjå forskjell på steinen som blei brukt i 1859 og 1900. I grunnmuren ser ein også stor forskjell på fuginga. Dei enkle symmetriske vindauga, med ein enkel pynteboge i murstein over, er vidareført i den nye delen.







Bakside av Økonomibygningen
Bakside av Økonomibygningen Foto: Kjersti Sørlie Rimer

Økonomibygningen som utvendig er omtrent lik Tivoli har ein "bakfasade" som er meir utsmykka enn "bakfasaden" til Tivoli. Dette kjem av at baksida til Økonomibygningen ligg vend mot tilkomstvegen og blir meir synleg. Den Fredrikhaldske kongevegen var lagt ned som tilkomstveg før ombygginga tok til.







Vinduer trappeoppgang, Tivoli og Økonomibygning
Vinduer trappeoppgang, Tivoli og Økonomibygning Foto: Kjersti Sørlie Rimer

Det er lagt stor vekt på symmetri i vindauge og fløyer. I trappeoppgangane er det lagt inn vindauge som går skrått over kvarandre, og følgjer stigninga til trappa på innsida.Inngangspartiene på alle tre tunbygningane har store fellestrekk. Ei smal inngangsdør blir ramma inn av vindauge og murpuss i kvitt. Dette blir lyft opp og avrunda i runde vindauge på toppen.





Kortvegg mot Ur (Tivoli)
Kortvegg mot Ur (Tivoli) Foto: Kjersti Sørlie Rimer

Dei to kortveggene er ikkje like, mot Urbygningen er det 3 vindauge i bredda, mens det er fire mot Svanedammen.
















Urbygningen, Cirkus og Tivoli
Urbygningen, Cirkus og Tivoli Foto: Kjersti Sørlie Rimer

Tunbygningane er laga med stor tanke på symetri bygningane i mellom, men overgangen til Urbygningen er også viktig. Fargar, mønster og symetri speilar seg alle vegar.



Taklukene blei fjerna i 1900, men er no erstatta med takvindauge på halve loftet. Ei oppussing for å kunne utnytta dette arealet er starta, men ikkje ferdigstilt.










Tunet anno 2007
Tunet anno 2007 Foto: Kjersti Sørlie Rimer

Informasjonen er i sin henta frå ”Bygninger ved Noreg sin Landbrukshøgskole teikna av Ole Sverre” skriven av Erik Aas jr. i 1996.

Publisert: 01.12.07
Oppdatert: 07.05.10
Utskriftsvennlig versjon

Del med en venn:




 
 
Institutt for matematiske realfag og teknologi

Postboks 5003
1432 Ås.
Besøksadresse: Drøbakveien 31
Tlf.: 64 96 54 00, sentralbord UMB er 64 96 50 00
Faks: 64 96 54 01
Epost: imt@umb.no