Navigasjon: Hovedside / Institutter / Naturforvaltning [Sidekart] [Kontakt] Ecology and Natural Resource Management
Tekststørrelse.


Om INA

Ledige stillinger

Studietilbud

Student ved INA

Forskning

INA i media

Eviggrønn

Ansatte

Seminarer

Kongresser

Publikasjoner

Blogg

Nyhetsarkiv

In English
Naturforvaltning

Masterstudent i bjørneland

Maria Collett Knagenhjelm

Naturforvaltarstudenten Peter Marcus K. Greve studerer bjørnen sin åtferd i møte med mennesker. Han tilbringa sommaren blant bjørnar i dei djupe, svenske skogar, og innrømmer å ha vore spent dei fyrste dagane i felt.


Mens rovdyrdebatten igjen har blussa opp på nasjonalt nivå, sit masterstudent Peter Marcus K. Greve og analyserer data frå feltarbeid i sommar.

INA-studenten skriv om åtferda til bjørnen i møtet med menneske, og innrømmer å ha vore spent dei fyrste gongene han var ute i bjørneterrenget for å oppsøkja bjørnen.

Som ein turgåar
- Fyrst peila eg bjørnen for å vite kor den var, deretter gjekk eg mot den og passerte den på 50 meters avstand, fortel Greve.

Han understrekar at han oppførde seg som ein vanleg turgåar, med prating og normal bråket gonge gjennom terrenget.
- Eg oppførde meg som eg pleier å gjere i skogen, og eit par gonger i løpet av dei tre månadene i Sverige opplevde eg at bjørnen blei ståande og sjå på meg. Den stod slik nokre sekund, før den snudde om og luntet bort. Men eg var ikkje redd, fortel masterstudenten.

Analyse
Tilbake på feltstasjonen undersøkte Peter, via gps-data, korleis bjørnane oppførde seg i tidsrommet under og etter nærkontakten. No skal han bruke hausten og våren til å analysere sine innsamla data, men han kan allereie no sei ein del om reaksjonsmønstera til bjørnen.

- Bjørnen la seg anten ned i terrenget for å kamuflere seg, eller så trekte den stille unna slik at vi ikkje la merke til den. Den både lukta og høyrde meg på lang avstand, og kun i omtrent ein av ti gonger la vi merke til den, fortel Greve.

Ikkje noko å frykte
Peter konkluderer med at bærplukkarar slett ikkje har noko å frykte når dei går på tur i skogen. Men han understrekar samtidig at bjørnen er eit rovdyr og at ein skal ha stor respekt for den.


Oppdatert: 14.11.07
Utskriftsvennlig versjon

Del med en venn:




 
 
Institutt for naturforvaltning

Besøksadresse:
Sørhellinga,
Høgskoleveien 12,
1430 Ås.
Tlf: 64 96 58 00
Faks: 64 96 58 01
E-post: ina@umb.no

Postadresse:
Postboks 5003,
1432 Ås




 
Relasjoner til saken

Master i naturforvaltning