Navigasjon: Hovedside / Institutter / Handelshøyskolen [Sidekart] [Kontakt] NMBU School of Economics and Business
Tekststørrelse.
OM NMBU
STUDIER
FORSKNING
ENGLISH
Handelshøyskolen
Handelshøyskolen
Hovedsiden

School of Economics and Business
Mainpage

Ein grisebonde på baklomma

Elin Judit Straumsvåg

– Opplever at mange brikkar fell på plass. Men så er det den siste biten i livet mitt. Ein kar. Kjærleiken. Seier Guro Huseby, TV-aktuell med Jakten på kjærligheten.


Har visst eg skulle ta over garden sidan januar, seier Guro Huseby. To storesøstre har bestemt seg for at dei ikkje ville ta over... Ikkje ei stor overrasking slik vi skjønar den framtidige grisebonden frå Sandefjord. Huseby har frå før mastergrad i økonomi og ressursforvaltning frå Universitetet for miljø- og biovitskap (UMB).

Artig og skummelt
Guro er en sjarmerende jente.
Guro er en sjarmerende jente. Foto: Beate Larsen, TV2
I det heile folket kan benka seg framom fjernsynsskjermen og sjå koss forvaltningsøkonomen i utanlandsavdelinga i Statsbygg prøver å få seg ein kjæraste.
– Kjempegøy og litt skummelt, tenkjer at det vert ei positiv erfaring uansett, seier Huseby. Medan ho studerte økonomi hadde dei eit kurs der ein personlegdomstest var ein del av kurset. Testresultata synte at vi har å gjera med ei stødig, trygg, jordnær dame. Ei som taklar stress. Det kan komma godt med no når nasjonal presse og vi andre følgjer ho med argusauge.

Positiv livsinnstilling
Ho ser på seg sjølv som nysgjerrig og allsidig interessert. Uteliv i frisk luft, skigåing vinterstid og sjøliv om sommaren.
Guro Huseby held eit høgt tempo. Ein kan mistenkja ho for å ha berre eit gir, men da hadde ho vel ikkje ønska seg ein framtidig husbond som evnar å kosa. Kven ønskjer ho å dela livet som grisebonde med? – Ein aktiv og initiativrik type med ei positiv innstilling til det meste i livet.

Guro leter etter mannen i sitt liv, som gjerne hjelper til et tak i grisefjøset.
Guro leter etter mannen i sitt liv, som gjerne hjelper til et tak i grisefjøset. Foto: Beate Larsen, TV2


Sporty
Guro Huseby trives i Statsbygg, men gleder seg til å komma heim på garden. Mor og far tykkjer det er gøy at ho er med på Jakten på kjærligheten.
– Eg tykte det var skummelt da TV2 ringde og sa eg var med. Etterpå, dei siste vekene har eg berre kost meg ved tanken.
Det vert mykje prat om kjærast og bondeliv. Alle kring Guro Huseby er oppteken av at ho skal få seg ein mann og at det skal vera ein staskar. Sjølv er ho skråsikker på å finna seg ein fin kandidat. Men det er ikkje sikkert at fjernsynspublikummet får gleda av å følgja henne heilt fram. Dei startar ut med åtte bønder på kjærastejakt, berre fire av dei vert med i serien til hausten.
– Heilt ok for meg. Eg får sikkert ein del brev eg i mitt eiga tempo kan forvalta, seier Huseby. Vert ho derimot med i haustens serie vert det hardkjør. Da veit ho at ho lyt seia nei til gutar ho ikkje har vorte godt nok kjend med.

Medietrening
Masse fin erfaring med å takle tv-mediet, nasjonal presse ellers. Slik oppsummerer Guro Huseby deltakinga si i Jakten på kjærligheten. Og best av alt: Mannen i hennar liv er der ute. Ein stad.

– Koseleg konsept, det var ikkje vanskeleg å bestemma seg for å bli med, seier Guro Huseby.

Publisert: 06.06.08
Oppdatert: 29.12.08
Utskriftsvennlig versjon

Del med en venn:




 
 
Handelshøyskolen

Postboks 5003, 1432 Ås

Tlf.: 6496 5700 | Faks: 6496 5701 | E-post: hh(at)nmbu.no

Besøksadresse: Tårnbygningen, Christian Magnus Falsensvei 18 (Oversiktskart nr. 31)

 
Emneord

- landbruk
- Landbrukspolitikk
- Miljøøkonomi
- Naturressurser
- Ressursøkonomi
- Utdanning