UMB professor Normann Aanesland tordner mot offentlig støtte til skog- og jordbruk.
Professor Normann Aanesland
Foto: Håkon Sparre
(Intervju av Gert Ove Mollestad, for N24.)
- Slike ordningar er eg svært overraska over at framleis eksisterer. Effektane er svært negative og øydeleggjande. Ein får eit tap for samfunnet. Dette er sløseri av offentlege pengar, seier professor i landbruksøkonomi, Normann Aanesland ved Universitetet i Ås, til N24.
Sterk kritikk av Innovasjon Noreg Tirsdag denne veka blei riksrevisjonen sin rapport om Innovasjon Noreg lagt fram. Her får institusjonen krass kritikk for å ha eit svært lågt innovasjonsnivå. Jord- og skogbruk og marin sektor stikk av med halvparten av dei totale overføringane frå Innovasjon Noreg, mens det er her innovasjonsnivået er desidert lågast.
Berre tre prosent av bedriftene innanfor jord- og skogbruk driv med innovasjon på høgare nivå, ifølgje riksrevisjonen.
Svært skeptisk Aanesland er svært skeptisk til det han meiner er rein driftsstønad frå Innovasjon Noreg, og at pengane slett ikkje går til å utvikle nye innovative ider.
Eit godt eksempel er dørfabrikken Dooria i Årdal, ifølgje Aanesland.
- Å bruke statlege pengar på å etablere denne bedrifta, går ut over dei som allereie er i marknaden og produserer dører frå før. Ein slik stønad er frykteleg negativ og veldig problematisk, fordi det øydelegg for dei entreprenørane som allereie har etablert seg og fyller ein marknad. Eg er eigentleg sjokkert over at dei driv med slik stønad enno, meiner Aanesland.