Dei siste åra er dei registrerte auka konsentrasjonane av laust organisk materiale (humus) i elvar og innsjøar. For å kunne spå og førebu seg på vidare endringar er det viktig å forstå prosessane i naturen som påverkar produksjon og utvasking av humus.
Dette er temaet i doktorgraden (PHD) til Kari Austnes, som har tittelen: Effekter av klimatiske faktorar på produksjon og utvasking av laust organisk materiale i heisystem. Den skal ho forsvare på Universitetet for miljø- og biovitskap (UMB) den 19.desember.
Avrenning Løst organisk materiale er ein viktig ingrediens i jord og overflatevatn. Utvasking av humus til elvar og innsjøar påverkar drikkevatnskvaliteten og dei økologiske forholda i vatnet. Humus kan også føre med seg miljøgifter. Det blir diskutert om auken i konsentrasjonen av humus i avrenninga som er observert dei siste åra kan knytast til klimaendringar.
Resultat Forskningen til Kari Austnes har gitt oss klare signal om kva klimatiske faktorar som er viktige og noko som som er mindre viktige for produksjon og utvasking av humus. Laboratorieeksperimentar og feltstudiar både i Sør-Noreg og Wales viser at eit meir ustabilt vinterklima med hyppig frost/opptining av jorda, kan gi noko større humusutvasking. Men effekten er mindre enn tidlegare trudd. Auka nedbør, og særleg ei auka hyppigheit av ekstrem nedbør har langt større effekt på mengda humus som blir transportert til elvar og innsjøar.
Kari Austnes (32) er frå Asker. Ho er cand. scient. i miljøkjemi frå Kjemisk institutt ved Universitetet i Oslo (2003). Ho begynte som doktorgradsstipendiat på Universitetet for miljø- og biovitskap (UMB) i 2004 med stipend frå Kunnskapsdepartementet, og har vore tilknytt forskingsprosjektet CLUE, finansiert av Noreg sine Forskningsråd. Frå 1. februar 2009 er ho tilsett som forskar ved Norsk institutt for vassforsking (NIVA).
Kari Austnes – PhD-graden – Forelesning og Disputas 19. desember 2008
Avhandlingens norske tittel: Effekter av klimatiske faktorer på produksjon og utvasking av løst organisk materiale (DOM) i heisystemer
Avhandlingens engelske tittel: Effects of climatic factors on production and leaching of dissolved organic matter (DOM) in heatland systems
Emne for forelesning: The importance of wetlands in a global climate change context
Tid og sted: Fredag 19. desember 2008, i Auditorium J106 Prøveforelesningen kl. 10:15-11:00 Presentasjon og forsvar av avhandlingen kl. 11:45 -
Veiledere: Professor Jan Mulder (Hoved) Professor Arne O. Stuanes Seniorforsker Richard Wright, NIVA Professor Gunnhild Riise
Bedømmelseskomité: Professor Beate Michalzik, Friedrich-Schiller Universität Jena, Germany Professor Hjalmar Laudon, SLU, Sweden Professor Trine Sogn, UMB, Norway
Avhandlingen ligger til offentlig gjennomsyn på Universitetsbiblioteket, Tårnbygningen.