Norsk juletreproduksjon er sterkt aukende, etter ein periode med stor import, særlig frå Danmark. Men produksjonen har hatt problem i form av ulike skadar og misfarga bar. Dette er bakgrunnen for doktorgradsarbeidet (PhD) til Venche Talgø, som har tittelen: ”Sjukdomar på edelgran (Abies spp.) til juletre, klyppegrønt og grøntanlegg i Noreg”, og som ho skal forsvara på Universitetet for miljø- og biovitenskap (UMB) 14. oktober.
Venche Talgø i edelgranfeltet.
Foto: Arne Stensvand
Dyrking. Produksjonen av juletre og pyntegrønt føregår i dag på dyrka mark, noko som er relativt nytt her i landet. I tillegg er etterspørselen etter edelgran sterkt aukende. Ja, faktisk er berre 20 % av juletreproduksjonen vår i dag vanleg gran (Picea abies), men var 90 % for berre ti år sidan. Til juletre er nordmannsedelgran (A. nordmanniana) og fjelledelgran (A. lasiocarpa) mest brukte, mens mange andre edelgranartar vert brukte til pyntegrønt og i grøntanlegg. Men sidaen ingen edelgranartar høyrer naturleg heime her i landet, må frø og eventuelt plantemateriale importerast, noko som har ført til at vi også har fått med oss ei rekkje alvorlege plantesjukdomar.
Resultat. I sitt forskingsarbeid ved Bioforsk Plantehelse har Venche Talgø kartlagt og identifisert ei rekkje soppar som er årsak til sjukdomar og skadar på edelgran. Særleg viktig har det vore å få påvist at soppsmitte kan overførast med frø i tillegg til med importert plantemateriale. I tillegg har ho identifisert soppar som er nye som skadegjerarar hos oss. Dette er eit arbeid som vil gi grunnlag for rette tiltak mot sjukdomane og med det betre økonomi i næringen og som også er viktig for denne næringa internasjonalt.
Det føregår stor import/eksport av juletre og pyntegrønt i Europa. Difor har forskingsarbeidet til Venche Talgø også fått stor internasjonal merksemd.
Foto: Even Bratberg
Venche Talgø (54) er frå Nord-Talgje i Finnøy kommune i Ryfylke. Ho tok mastergraden på Norges landbrukshøgskole/UMB i 1995 Ho har sidan vore tilsett som forskar ved Bioforsk Plantehelse, Ås og starta sitt doktorgradsarbeid i 2005 med økonomisk støtte frå Bioforsk, Forskingsrådet, Innnovasjon Norge, Norsk pyntegrønt, m.fl. Rettleiarar har vore professorane Leif Sundheim og Arne Stensvand ved UMB/Bioforsk og professor Gary Chastagner ved Washington State University i USA.
Venche Talgø - – PhD-graden – Forelesning og Disputas
14. oktober 2009 Avhandlingens norske tittel: Sjukdomar på edelgran (Abies Spp) til juletre, klyppegrønt og grøntanlegg i noreg; frå frø til felt Avhandlingens engelske tittel: Diseases and disorders on fir (Abies Spp.) grown as Christmas trees, boughs, and landscape plants in Norway
Emne for forelesning: "Management and control of soilborne fungi and fungal-like organisms"
Tid og sted: Onsdag 14. oktober 2009, kl 1215 I Auditoriet, SKP
Veiledere: Professor Leif Sundheim Professor Arne Stensvand Professor Gary Chastagner
Bedømmelseskomité: Dr. Sabine Werres, Julius Kuehn Institute (JKI), Federal Research Centre for Cultivated Plants, Institute for Plant Protection in Horticulture and Forests (GF), Germany Dr. Paula Persson, Crop Production Ecology, Swedish University of Agricultural Sciences, Sweden Professor Anne Marte Tronsmo, Department of Plant and Environmental Sciences, Norwegian University of Life Sciences (UMB).
Avhandlingen ligger til offentlig gjennomsyn på Universitetsbiblioteket, Tårnbygningen.