Eple er ei herleg frukt som ved målretta og godt planlagt kombinasjons-foredling kan gjerast endå betre – og heilt utan bruk av noko form for gen-manipulering. Har du eit eigna areal, eit enkelt regulert veksthus, og har arbeidslyst og arbeidsevne –
Foto: Finn Måge
så kan du oppnå stor spenning og eit interessant arbeid ved å utvikle eigne eplesortar. Måla bør vere lettdyrka, miljøvenlege kvalitetseple med ulik mogningstid og som passar godt for nordiske vekstvilkår.
Norden er eit marginalt område for dyrking av eple, og det er ei stor utfordring å utvikle sortar for våre korte vekstsesongar og låge temperaturar. I dag blir det drive vekstforedling i eple ved Sveriges lantbruksuniversitet, avdeling Balsgård, og i Noreg ved Graminor, avdeling Njøs. Ved Universitetet i Ås (UMB) er sortsforedlinga i eple under utfasing.
Gamle viktige eplesortar, som Filippa og Ingrid Marie, oppstod frå frøtre med ukjende foreldre. Begge vart oppdaga på Fyn av personar som hadde evna å sjå, og til å forstå den auka dyrkingsverdien dei representerte. Då svenskane utvikla sin Aroma, var det med danske Ingrid Marie og Filippa som foreldre.
Sortsforedling er framstilling av frøplanter, dyrking av desse og utval av dei mest tenlege for privat og/eller kommersiell epleproduksjon. Om ein derimot på ein eksisterande sort oppdagar ei grein som ved mutasjon har gitt eit raudare eple, reknast det normalt ikkje som sortsforedling
Litt botanikk I naturen rotnar epla på marka. Året etter spirer kjernane og kan vekse opp til såkalla frøtre. Dei er alle genetisk ulike og vil variere sterkt i ei rekkje eigenskapar. I praksis er alle ville frøtre av dårleg kvalitet. Dyrka eplesortar er derimot blitt utvalde og vidareforedla sidan romartida. Dei er klonar, som formeirast vegetativt. Innan ein klon (sort) er alle tre i utgangspunktet genetisk like.
Eit epletre består av to delar: eplesorten, og grunnstamma som sorten er pota på.
Epletreet har ho- og hanorgan i same blomen, men det er normalt ikkje sjølvfertilt. Det kan ikkje setje frukt med sitt eige pollen (blomestøv) Epletreet må såleis ha pollen frå ein annan eplesort i nærleiken.
Midt i epleblomen sit hoorgana: som består av ein fruktknute med fem griflar og arr (støvfang) på toppen. I ein ring utanfor i same blomen sit hanorgana: pollenstandarar med påsitjande pollenknappar.
Fri pollinering (bestøving) Den enklaste forma for sortsforedling er å så ei større mengde kjernar av ein kjent god sort etter fri pollinering. Veks mortreet tett ved ei samling med nyare avanserte eplesortar, kan ein vere heldig og finne avkom på sortsnivå, men ein er då usikker på kven som er faren. Det er viktig å ha full kontroll over begge foreldra i eit effektivt foredlingsprogram. Arven frå far er like viktig som arven frå mor. Ein må også velje far mellom dei aller beste av aktuelle fedrar. Metoden med fri pollinering blir derfor ikkje tilrådd. Kontrollert pollinering Planlagt kombinasjonsforedling, dvs. forsøk på å kombinere det beste frå to kjende foreldre, er metoden som blir tilrådd. Å samle pollenknappar frå ein utvald farsort, tørke desse innadørs til støv og gjere kontrollerte krysningar, er ein enklare metode å bruke enn mange trur.
Innsamling og tørking av pollenknappar av farsorten Pollenet kan ordnast på førehand. Ein plukkar midtblomen i klasen på ballongstadiet, skrapar av pollenknappane, og tørkar dei på eit tefat på ca. 20 gradar i ca. to døgn, dvs. til pollenknappane er tørre nok til å kunne knusast med den flate enden av ein blyant. Deretter fører ein med pensel støvet over i små glas, som er fylt opp til ca. ein cm frå kanten med syltevoks. Det er best å fordele pollenet på fleire glas. Hugs å skrive namnet på far på glasa. Glasa blir lukka med plastlokk, som det er laga et lite hol i. Tørt pollen er spiredyktig i fleire dagar når det lagrast i tørr atmosfære på temperaturar ned mot null grader.
Utstyr for kontrollert pollinering. Små glas for oppbevaring av støv.
Foto: Johannes Øydvin
Emaskulering av morsorten Når ein har valt eit passande mortre, skal ein fjerne begerblad, kronblad og pollenstandarar med pollenknappar på greiner som ein vil bruke til kryssing,
Ein startar ved å knipe bort midtblomen når denne har opna seg. Sideblomar som skal emaskulerast, er då på ballongstadiet. Blomar som har begynt å opne seg, kan alt vere besøkt av insekt og kan derfor ikkje brukast. Dei blir fjerna.
Ein skjer forsiktig rundt ein blomeknopp med skalpel, og prøver å vippe av beger-, kron- og pollenstandardar samla. Det blir skore i ei høgd litt over midten på fruktknuten, som ikkje må skadast. Blomar som har mist blikkfanget, blir ikkje besøkt av bestøvande insekt. Isolering er derfor ikkje nødvendig. Som regel blir to blomar emaskulert i kvar klase. Resten blir fjerna.
Dypping av emaskulert blom i pollen
Foto: Jeanette Brun
Pollinering Avhengig av temperaturen går det gjerne ein til tre dagar frå emaskulering til arra er klebrige og klare til å ta i mot pollenet. Bestøvinga blir gjort på tørre planter og helst i vindstille.
Bles det under bestøvinga, må glaset med pollenet haldast i best mogleg le. Lokket på glaset blir erstatta av tommelen over opninga. Tommelen blir løfta kvar gong ein eller fleire griflar med klebrige arr blir dyppa i støvet. Er ein rask nok, kan denne bestøvingsmetoden brukast også i svak vind.
Det kan vere greitt å starte pollineringa øvst på ei større grein og gå systematisk nedover på smågreiner. Under den siste sidegreina henger ein på etikett med namn på mor og far og tal bestøva blomar.. Hausting av kjernar Det er lett å gjenkjenne kryssingsepla, då dei manglar blomerestar i begerenden. Epla blir hausta fullmodne. Kjernane er då brune.
Skjer ein over eple som har lege i kjellar vinteren over, kan ein oppleve at enkelte kjernar har byrja å spire. Det beste er likevel å skjere over kryssingsepla om hausten, ha kjernane i ein sil og skole dei med vatn, for deretter å leggje dei i lett fukta sand i plastpose merka med foreldra sine namn. Kjernane kan lagrast i vanleg kjøleskap på 3-5 grader. Posane må ettersjåast og sanden tilsetjast nokre dråper vatn om den er blitt for tørr. I januar - enkelte år tidlegare - vil dei første kjernane være i gang med spiringa.
Forsering av frøplanter i veksthus Spirande kjernar plukkast med jamne mellomrom ut av sanden. Dei priklast med 5-6 cm avstand i brett, som for ein kort periode står dekka med klar plast Nokon likar å plukke av frøskalla som held frøblada saman, når plasten blir teken av. Andre gjer det ikkje. Frøplantene ordnar dette sjølv om frøskala blir fukta ved gjentatt brusing.
Ved tre-fire varige blad blir frøplantene sett over i 8-10 cm potter i oppgjødsla middels grov torv. Til etterfylgjande ompotting er ei grovare torv å føretrekkje.
Dei første vekene klarer frøplantene seg med den næringa som er i oppgjødsla torv. Seinare gjødselvatnar ein kvar tredje veke, på slutten i veksthus kvar andre veke,
Plantene pottast om og får større plass etter kvart som dei veks til.
Passeleg temperatur er ca. 18 grader, aukande opp til 25 på solrike dagar i mai-juni.
Kunstig ljos 24 t i døgnet er heilt nødvendig i månadane januar-mars. Frøplantene veks klart raskare om dei får kunstig ljos nattetid, og på mørke dagar, også i tida april-juni. Ved god stell for raskast mogleg vekst, kan frøplantene frå januar til midten av juni nå ei høgd på to meter.
Behov for oppbinding til stokk aukar. Til sist bli plantene bundne fast i tre høgder til 2,5 m høge bambusstokkar, og er no klare til å bli flytta ut av veksthuset.
Utplanting Ein overgangsfase på ein plass i det fri i le for vind, vil redusere tapet av blad etter utplanting.
To m høge frøplanter plantast direkte på permanent veksestad i rekkjer med 1,6 m avstand og 1 m planteavstand i rada. Dei plantast så djupt at potteklumpen blir dekt med 6-7 cm jord. Jorda omkring trakkast fast så røtene oppnår raskast mogleg god jordkontakt.
Det er kjent frå Bibelen at i sterk vind beheld nyplanta oliventre blada betre når dei kan bøye seg med vinden, som dei ikkje kan ved tidleg stram oppbinding til stokk. Dette gjeld nok også for unge epletre. Å la dei høge unge trea stå å sveie litt i vinden før toppenden av bambusstokken blir fest til streng langs radene, kan redusere tapet av blad. Mest mogleg intakte blad er viktig for rask etablering og god vekst. Frøtre må vekse gjennom ungdoms-fasen før dei er i stand til å bløme. Tre som er mottaklege for skurv, blir fjerna omgåande, dei fleste i året etter utplanting.
To m høge frøplanter i veksthus på UMB fem månader etter frøspiring 2008.
Foto: Johannes Øydvin
Vatning Like etter planting har røtene berre kontakt med jorda i potteklumpen. Spesielt i dei første fire-seks vekene må dei ettersjåast og vatnast gjennom dryppvatningsanlegg eller ved spreiarar montert på røyr som er bygd opp i helst 3 m høgde. I tørkeperiodar må det vatnast også seinare.
Fruktbering Fordelen med forsering av unge frøtre i veksthus er størst i område med kort vekstsesong. Plantar ein to m høge frøtre i juni, kortar det tida fram til fruktbering med to-tre år. Då vil dei første trea differensiere og danne nokre få blomeknoppar alt utpå ettersommaren og hausten i planteåret. Nokre frøtre blir dermed i stand til å bere fram eple alt i den andre vekstsesongen etter at kjernane spirde. Frøtre er genetisk ulike, også i kor tidleg dei kjem i fruktbering. Nyare eplesortar er foredla for kortare ungdomsfase, då denne eigenskapen heng saman med kortare tid til fruktbering for sorten som klontre.
Tradisjonell vekstforedling Denne framgangsmåten, som har blitt brukt i kommersiell sortsforedling, krev kort tid i veksthus. Då stratifiserast kjernane i sand på 2-3 grader og dei spirer i mars. Små frøplanter blir dyrka i planteskole med 1 m radavstand og 30-40 cm planteavstand i to-tre år. Frøtre som viser seg å vere mottaklege for skurv og mjøldogg, og dei med svak vekst, blir rydda tidleg. Færre tre blir dermed planta på permanent veksestad. Trea er då 1,2-1,5 m høge.
Denne tradisjonelle måten krev større planteavstandar og lengre tid, men er langt billegare for utvikling og dyrking av store frøplanteseriar. Å flytte store tre frå planteskole til permanent veksestad er eit stort arbeid. Jorda må vere passeleg fuktig så trea får med størst mogleg jordklump for å unngå stans i veksten etter omplantinga.
Unge eplefrøplanter i veksthus på UMB 2008.
Foto: Johannes Øydvin
Strategisk design Å velje dei rette foreldra og kombinasjonar er kunsten, seier engelskmennene. Og som kunstnarar vil vi bestemme sjølv korleis kunsten skal bli.
Meir enn 80 % av nyare eplesortar har Vf-genet (V er første bokstav i Venturia = slektsnamnet for epleskurv, mens f er første bokstav i artsnamnet for Malus floribunda, eit villeple som har eit gen for ekstrem motstandsevne mot epleskurv). Dessverre har det vist seg at Vf-resistensen åleine kan brytast av skurven.
Mitt strategiske design for nye eplesortar har vore å supplere Vf-genet (kan vere ei gruppe med tettsitjande gen) med ein ikkje spesifikk, men sterk generell skurvresistens som vi finn i sortane Discovery, Ingrid Marie, Katja, James Grieve m. fl. Katinka er designa for å kombinere desse to resistensformene. Heilt utan noko form for soppsprøyting har Katinka no vore dyrka på Ås i 27 år. Ikkje i nokon av desse åra er det funne symptom på skurvinfeksjon på blad eller frukter. Som venta har ikkje epleskurven klart å bryte denne sterke og allsidige resistensen. Og om den ein dag skulle klare bryte Vf-resistensen, har sorten likevel vedvarande generell skurvresistens.
I langsiktige strategiske planar blir det bygt opp foreldre der stadig fleire resistens- og kvalitetseigenskapar blir kryssa inn i ein og same sort.
Malus floribunda og Vf-genet Malus floribunda er eit viltveksande epletre med frukter så store som naglen på tommeltotten. Det var derfor nødvendig med mange tilbakekryssingar til dyrka eplesortar for å oppnå storfrukta kvalitetseple. Vf-resistensen var enkel å utnytte i det halvparten av frøplantene i ein familie fekk ikkje skurv på blad og frukter. Vf-genet vart førd vidare ved eit absolutt krav om ekstrem skurvresistens ved utval i stadig nye generasjonar samtidig med krav til andre viktige sortseigenskapar.
Amerikanarane starta dette programmet i 1950-åra. Dei produserte sterk skurvsmitte og sprøytte denne over unge frøplanter. Skurvmottakelege døydde. Det var ein stor fordel å kunne gjere dette utvalet på eit så tidleg stadium. Då amerikanarane lanserte sin første skurresistente eplesort med namnet Prima, hadde dei produsert og gjort utval i over 300 000 frøplanter.
Dei tre universiteta som starta programmet, hadde bestemt at alle utan omsyn til nasjonalitet og religion fritt kunne bruke dette nyutvikla genetiske materiale.
I Noreg starta vi bruken av Vf-resistens ved tilsendt støv frå East Malling, England, våren 1981, og frå Oregon State University, våren 1982.
Døme på nye aktuelle foreldrepar Etterfølgjande tips medfører ikkje garantiar og ikkje noko form for ansvar for resultat. Sommar- og hausteple: Discovery x Katinka, Ingelin, Ritt Bjerregaard. Hausteple: Katinka, Ingelin, Ritt Bjerregaard x Your choice Vintereple: Katrina x Eigne nummersortar.
Kor mange frøplanter trengs? Er begge foreldra på sortsnivå trengs det langt færre frøtre enn når ein av foreldra har mindre gode kvalitetseigenskapar, men er sterk mot ein eller fleire skadegjerarar. Ritt Bjerregaard (Ingelin x Katinka) vart utvald i ein heilsøskenflokk på opphavleg 63 frøtre. Hadde familien vore større, kunne den beste frøplanta vorte endå betre.
Då eg i 1981 starta med vekstforedling for å oppnå ekstrem resistens mot epleskurv, brukte eg store populasjonar, då foreldresorten som bar skurvresistensen hadde ring fruktkvalitet.
Dette året emaskulerte og bestøva eg 3 708 blomar, som gav 3 241 eplekjernar. Det vart satsa mest på familien Aroma x A 347/6 (eit engelsk utval med Vf-resistens) med 980 bestøva blomar. Denne kombinasjonen slo likevel heilt feil. Ingen av avkoma var gode nok for utval.
I familien Summerred x A 347/6 med 462 utplanta frøplanter fann eg Askepott, som vart den første norske eplesorten med Vf-resistens.
I takt med at eg lukkast med å utvikle eigne skurvresistente sortar med god kvalitet, har eg brukt stadig mindre populasjonar. Dvs. det er langt lettare å starte med vekstforedling i eple i dag, enn då eg starta.
Ofte kan det vere klokt for nybegynnarar å starte litt beskjedent. Lære av sine feil – som når ein blir for sein med å vatne potteplantene, så dei stoppar i veksten. Det kan då ta veker i veksthus å få dei i god lengdevekst igjen. Etter kvart som ein vinn erfaring, blir ein betre rusta for meir omfattande foredlingsprogram.
Det er viktig å ha ein viss teft for val av foreldre og kombinasjonar. Då vil ein oftare unngå å produsere store populasjonar av foreldrekombinasjonar som aldri vil kunne gje avkom på sortsnivå etter dagens krav.
Og så er det det med å ha hellet med seg. Eg fann Katinka (Katja x Corvallis 3/21) i ein søskenflokk på 44 frøplanter. Då eg gjorde oppatt kryssinga med ca. 10 gonger større søskenflokk, fann eg ikkje ein på same sortsnivå som Katinka.
Eg kan ikkje gje eit greitt tal for, kor store populasjonar ein skal gå for. Vekstforedling er svært personavhengig. Nokon lukkast det for – andre ikkje. Det minner om jakt på vilt. Tal frå USA viser, at utbyttet er avhengig av jegeren. Nokon finn viltet – andre gjer det ikkje.
Ritt Bjerregaard
Foto: Jeanette Brun
Namngjeving Namn på ein ny eplesort må godkjennast av den som eventuelt gir namnet sitt til sorten. Sortar som er utsend med namn, kan vanlegvis brukast fritt som foreldre verden over.