Sidenavigasjon: Hovedside / Institutter / Plante- og miljøvitenskap [Sidekart] [Kontakt] Plant and Environmental Sciences
Tekststørrelse
om umb
utdanning
forskning
english
150 ÅR
1859 - 2009

IPM
Hovedsiden

Om instituttet
Ledelse
Ansatte

Studietilbudet ved IPM

Student ved IPM

Forskning
Faggruppene
Doktorgrader
Publikasjoner

Isotoplaboratoriet


Plante- og miljøvitenskap

Fruktbar genresurs i Afrika

Even Bratberg

Ved sida av klimaendringar er ’genresursar’ og ’biologisk mangfald’ uttrykk som ofte går att i det offentlege ordskiftet i dag. Weston Fredrick Mwase fra Malawi har hatt eit viltveksande frukttre Uapaca kirkiana som tema for sitt doktorarbeide.


Weston Fredrick Mwases doktorarbeide ber tittelen: ’Karakterisering av genetisk diversitet hos Uapaca kirkiana ved hjelp av morfologiske og molekylære markørar’.

Næringsrik frukt
Det viltveksande frukttreet Uapaca kirkiana er ukjent hos oss, men det er uhyre viktig i visse område av det sørlege Afrika, som Malawi, Tanzania, Zambia og Zimbabwe. Det er eit stort, særbu tre med ei frukt som på grunn av likskapen, ofte blir kalla vill, afrikansk loquat. I dei områda der dette fruktslaget veks vilt, er den fattige delen av folket heilt avhengig av denne søte og næringsrike frukta i mogningstida frå november til februar.

Genetisk variasjon
Studien har gått ut på å kartleggje den genetiske variasjonen innanfor arten med tanke på domestisering, dvs. eit framtidig foredlingsprogram for å avle fram sortar til dyrking. Granskinga har bl.a. vist at det er sikre skilnader i både morfologiske eigenskapar, storleik og kvalitet på frukta, skilnader som kan vere arvelege. Vidare har Weston Fredrick Mwase funne at det er større variasjonen mellom enkeltindivida i ein populasjon enn det er i middel mellom populasjonane. Dette er viktig bakgrunnskunnskap for å finne fram til dei beste enkeltindivida eller populasjonane som skal gå inn i eit foredlingsprogram. Kunnskap om arveleg variasjon vil også vere viktig for, på den beste og mest kostnadseffektive måten, å kunne ta vare på det genetiske mangfaldet for framtida.

Weston Fredrick Mwase (37) er frå Malawi. Han har mastergrad i jordbruk frå University of Malawi i 1998 og tilsvarande grad i skogbruk frå University of Oxford i 2001. Han byrja doktorgradsstudiet sitt på UMB i 2004 under det norske NUFU-programmet (Nasjonalt program for utvikling, forsking og utdanning). Etter avslutta doktorgrad reiser Mwase tilbake for å nytte kunnskapen sin til vidare utvikling av landbruket i heimlandet.




Oppdatert: 04.12.07
Utskriftsvennlig versjon

Del med en venn:




 
 
Institutt for plante- og miljøvitenskap
Postboks 5003
1432 Ås                       
    
Ekspedisjon Jordfagbygningen:
Telefon:(+47) 64 96 56 00
Faks: (+47) 64 96 56 01        
  
Ekspedisjon Tårnbygningen:
Telefon:(+47) 64 96 56 02
Faks: (+47) 64 96 56 15


E-post: ipm@umb.no