Sidenavigasjon: Hovedside / Institutter / Plante- og miljøvitenskap [Sidekart] [Kontakt] Plant and Environmental Sciences
Tekststørrelse
om umb
utdanning
forskning
english
150 ÅR
1859 - 2009

IPM
Hovedsiden

Om instituttet
Ledelse
Ansatte

Studietilbudet ved IPM

Student ved IPM

Forskning
Faggruppene
Doktorgrader
Publikasjoner

Isotoplaboratoriet


Plante- og miljøvitenskap

Ny matplante med komplikasjoner

Even Bratberg

Forsking kombinert med næringsutvikling er ein fin kombinasjon. Dersom det i tillegg kan utførast i samarbeid med U-land, kan det føre til både kunnskapsoverføring og auka matproduksjon.


På Universitetet for miljø- og biovitenskap (UMB) på Ås forgår det mykje spennande forsking på slike fagområde, ofte i samarbeid med doktorstipendiatar frå ulike land. Andargachew Gedebo Abitea frå Etiopia er eit godt eksempel på dette; han skal forsvare sin doktorgradsavhandling ved UMB den 11. desember. Lokal kunnskap og genetisk variasjon ved dyrking av planta amochi (Arisaema schimperianum) vil bli lagt fram.

Rotveksten Amochi (Arisaema schimperianum) er ein halvkultivert vekst som blir dyrka utanom den ordinære veksttida, dvs. i tørkeperioden i høglandet i det sørlige Etiopia. Det er ei nokså ny matplante som blei tatt i bruk fordi konfliktar og lange tørkeperiodar førde til underskott på mat. Planta har eit stort avlingspotensial og ved å koke og mose dei underjordiske knollane kan den bli brukt til brød og graut. Men handtering og bruk av planta har negative sideeffektar. Det ser ut til at svært mange av dei som brukar planta til mat blir forbigåande nattblinde, og i tillegg gir planten irritasjon når den kjem i kontakt med huda.


Doktorgradsarbeidet til Andargachew Gedebo Abitea går ut på å kartleggje alle forhold omkring dyrking og bruk av denne spennande planta. Det dreier seg først og fremst om å dokumentere lokal kunnskap om bruk, genetisk variasjon, næringsinnhaldet og årsaker til at den gir irritasjon i huda. Vidare vil årsaka til at bruk av amochi i kosten gir nattblindhet bli undersøkt, og korleis koking og/eller gjæring av rotveksten påverkar innhaldet av dei negative stoffa. Dette er eit svært praktisk forskingsprosjekt der resultata vil være direkte ’matnyttig’ for den delen av befolkninga som har lite mat i dette området av Etiopia.

Andargachew Gedebo Abitea (39) er frå Chencha i Etiopia. Han tok sin mastergrad i plantefysiologi ved University of Reading, England i 1997 og har sidan undervist på Awassa College of Agriculture i Etiopia. Han begynte sitt doktorgradsstudium (PhD) på UMB i 2004 som ein del av eit NORAD-prosjekt. Andargachew G. Abitea har hatt et sterkt sosialt og idealistisk engasjement i heimlandet sitt, mellom anna ved etablering av lærarutdanning for landsungdom og ved ulike næringsutviklingsprosjekt i områder med lite arbeid. Derfor veit vi at hans forsking og doktorgrad i Noreg vil kome til god nytte når han nå reiser tilbake til sin undervisningsstilling i Etiopia.





Oppdatert: 02.01.08
Utskriftsvennlig versjon

Del med en venn:




 
 
Institutt for plante- og miljøvitenskap
Postboks 5003
1432 Ås                       
    
Ekspedisjon Jordfagbygningen:
Telefon:(+47) 64 96 56 00
Faks: (+47) 64 96 56 01        
  
Ekspedisjon Tårnbygningen:
Telefon:(+47) 64 96 56 02
Faks: (+47) 64 96 56 15


E-post: ipm@umb.no

Relasjoner til saken

Andargachew Gedebo Abitea - Phd - Graden – Forelesning og Disputas
11. desember 2007


Avhandlingens norske tittel:
Lokal kunnskap og genetisk diversitet i dyrka amochi (Arisaema schimperianum Schott).

Avhandlingens engelske tittel:
Indigenous Knowledge and Genetic Diversity of Cultivated Amochi (Arisaema schimperianum Schott)

Emne for forelesning:
Domestication of root and tuber crops for food security and well-being in the tropics

Tid og sted:
Tirsdag 11. desember 2007, kl. 12:15
Auditoriet i SKP

Veileder:
Førsteamanuensis Maigull Appelgren, IPM, UMB
Assisterende veiledere:
Professor Åsmund Bjørnstad, IPM, UMB,
Associate professor Admasu Tsegaye, Hawassa University, Awassa College of Agriculture, Awassa, Ethiopia

Bedømmelseskomité:
Director dr. Rodomiro Ortiz, CIMMYT, El Batan, Texcoco, Edo. De Mexico
Dr. May-Guri Sæthre, Bioforsk, Plantehelse, Ås
Professor Odd Arne Rognli, IPM, UMB

Avhandlingen ligger til offentlig gjennomsyn på Universitetsbiblioteket, Tårnbygningen.