2001 oppdaga forfattaren ein bringebærhekk med aprikosfarga bær og raude tornar, også basis. Hos våre bringebær var dette ein ukjend kombinasjon av bær- og tornfarge. Plantematerialet var flytta frå ein hage i Oslo i 1960-åra til ein hage i Moervegen i Ås. Sorten blir her kalla Moer. Kryssing med Moer kunne gje opphav til ukjende kombinasjonar av bær- og tornfarge. Dette vart vist i ein kryssingsserie utplanta på Ås i 2003.
Registreringar i åra 2004-06 i familien Glen Moy x Moer gav fylgjande fire bær-/tornfarge kombinasjonar: A mørk raude bær/mørk raude tornar, B mørk raude bær/grøne tornar, C aprikos bær/mørk raude tornar, og D gule bær/mørk raude tornar, og fylgjande spaltingstilhøve: 32 A : 29 B : 32 C : 37 D.
Kombinasjonane B, C og D førekjem ikkje i det tidlegare avklara mønsteret for nedarving der bær- og tornfargen blir styrd av to genpar, TtPp. TP gir mørk raude bær og raude tornar, også basis; T gir ljos raude bær og tornar med raudfarge avgrensa til tornspissen; tP gir aprikosfarga bær og grøne tornar; mens tp gir gule bær og grøne tornar. Seinare i eit russisk plantemateriale påviste Keep (Euphytica i 1984) endå eit fargegenpar, kalla Ii, som samhandlar med genet T, slik at Tii planter gir aprikosfarga bær. Keep og mine siste undersøkingar kan tyde på at mønsteret for nedarving av bær- og tornfarge i bringebær er meir omfattande og samansett enn som tidlegare er funne ut.
Utvikling av tornfrie storfrukta bringebær med villbringebærsmak
SM 11/14-09 (Max) og SN 34/28-06 (Karl) er begge tornfrie med faste store tiltalande bær og framifrå god smak. Begge slepper lett frøstolen. Enkeltfruktene i bæret heng godt saman. Max (Bilde 1) er den mest storfrukta. Sortane er utvikla for ekstra høg kvalitet til frisk-konsum. Dei er førebels ikkje vurderte i ordinære sortsforsøk.
Arbeidet mitt på dette området har føregått under skiftande tilhøve gjennom nær 50 år.
Det starta i 1961 ved utval i ein kryssingsserie der sorten Asker var brukt som forelder. Dessverre hadde dei avkoma etter Asker som smaka best, mindre enn gjennomsnittleg bærstorleik. Nye kryssingsseriar dugde heller ikkje.
Framgangen starta den 20. august 1982. Den dagen smaka forfattaren seg gjennom ei sortssamling i bringebær på Øjebyn försöksstation i Nord-Sverige der ein klon, merka 60-8-13, skilde seg ut med villbringebærsmak. Etter avtale med Gunny Larsson tok eg med grøne rotskot med reinvaska etylert sone til roting og bruk i Noreg. Utvalet var utvikla av F. Gruber ved Max Planck instituttet. Larsson hadde henta virustesta friskt plantemateriale der i 1969. I Noreg vart sorten spreidd under namnet Gruber. Bæreigenskapar hos Gruber vart forøkt førd vidare gjennom Norprins, som var lite vnterherdig, til Ida, Karl og sist til Max.
I Ås kunne det ikkje påvisast unngåing av åtak eller resistens mot bringebærbilla i 2. tilbakekryssingsutval av Rubus spectabilis frå East Malling, England,. Av desse utvala vart EM 5948/2 føretrekt til kryssing med Norprins. Avkomet Ida viste framgang i overvintringsevne og vart den første norske tornfrie bringebærsorten. I familien Ida x Glen Ample vert det ikkje funne avkom med god nok smak. Verdifulle eigenskapar hos Glen Moy er tilført vårt materiale via EM 5948/2, og ved direkte kryssing med Ida. Dermed oppstod Karl. Tulameen er eit avkom etter smakfulle gråskimmelsterke Nootka og Glen Prosen. Tulameen vart kryssa med Karl for å oppnå framgang i dyrkingsverd, og for større område.