Den nye remonterande jordbærsorten Ria produserer lett mange utlauparplanter. Dette vart vist i eit forsøk på Ås i veksthus 2009. Det vart gitt tilleggsljos frå 25.09. dvs.gjennom den siste halvdelen av forsøkstida.
Fire utlauparar som braut fram frå ei ung Ria plante fekk vekse utan å bli kutta i ein periode på totalt 100 dagar. Resultata kan ein sjå av bilda 1 og 2 etter driving i 50 og 100 dagar på 20-25 gradar C.
Bilde 1. Ria morplante etter 50 dagar, no med tre utlauparplanter + tre urota planter + fem utlauparspissar.
Foto: Johannes Øydvin
Bilde 2. Same morplanta som vist på Bilde 1 etter ytterlegare 50 dagar driving, no med 24 rota utlauparplanter,
Foto: Johannes Øydvin
Norske remonterande jordbærsortar med kvite blomar.
Resultata med utalandske storfrukta remonterande jordbærsortar i Noreg i det førre århundret var ikkje lovande. Det vart difor heller ikkje satsa stort i utvikling av slike i norsk vekstforedling. Først ved kryssing av remonterande Evita med Polka i 1996 kom dette arbeidet i gang i litt større omfang her i landet. Under kryssinga visste vi ikkje at Polka førde denne eigenskapen, at den saman med remonterande sort ville spalte ut remonterande avkom.
B 73/65-97 (Rita) var kraftigare og viste framgang i overvintring hos oss, kombinert med framgang i bærstorleik og smak. Rita vart den første norske remonterande sorten som fekk namn. Vi såg likevel fort store manglar: Planta var for blomstervilleg sett i høve til utvikling av blad og utlauparar. Men Rita var ei stor oppmuntring som gav lyst til å gå vidare.
I 2003 vart det kryssa eit utval i Elan med Frida. Som Polka viste også Frida å vere ein sort som kryssa med remonterande spaltar ut remonterande avkom.
G 53/33-03 (Rondo) gav stor framgang bærstorleik og i smak. Rondo vart eit gjennombrot i utviklinga av remonterande jordbær med god smak. Hos remonterande veks det fram eit blad, og så ein blomsterstand. Kvar krone i planta veks vidare med eitt nytt blad og så ny blomsterstand eller utlaupar. Remonterande får såleis langt færre blad i høve til blomemengda enn vanleg dyrka jordbær, og dette skulle forklare den generelt lågare bærkvaliteten.
Med Rondo kom og stor framgang i danninga av utlauparar. Største veikskapen var for lite faste bær.
SN 13/14-04 (Riddar) vart kryssa i 2004 og utvald same året. Sorten vart vurdert til å vere litt fastare enn Rondo, og skulle dermed vere betre i omsetninga, men Riddar nådde ikkje opp til Rondo i smak.
SN 29/1-08 (Ria) vart kryssa og utvald i 2008 under ei kortvarig oppattstarting av foredlinga i jordbær på Ås, etter ønskje frå Ola M. Heide.
Frøplanta skilde seg ut med friskt bladverk og ingen rotne bær. Bæra var store og faste og smaka godt. Frøplanta produserte kraftige utlauparar og mange utlauparplanter på slutten av vekstsesongen. Desse vart formeira vidare i veksthus på Ås utover hausten.
Produksjonen av klonplanter gjekk så greitt at Ria kom ut til prøvedyrking alt i utvalsåret frå 11.10. i veksthus hos Hans Erik Fuglerud, Lier, under initiativtakar og overoppsyn av tidlegare jordbærdyrkar og jordbærekspert, Rolv Eriksrud, som rapporterte frå forsøket 01.04.2009: ”Foreløbige inntrykk av sorten er svært positivt. Den gode smaken – passe fast og virker veldig holdbar og dertil har den god og fin jordbærsmak. Riktblomstrende stor plante. Vil kunne bli en morsom fin staude på Terrase/altan/stuevinduet eller utplantet direkte i jorden. Med nok og riktig belysning, kan den med fordel dyrkes innendørs om vinteren”. Fuglerud hadde samtykt i dette: ”Særlig var han imponert over de fine bærene ved juletider”.
MTT Plant Production Research, Nursery Group, laga i 2009 meristem av Ria, og har sorten til oppformeiring Finland.