Resistens mot rotstokkròte i jordbær, og alternativ til bruk av kjemiske plantevernmiddel - Rotstokkròte i jordbær har vorte eit problem i Noreg sidan sjukdomen vart oppdaga i 1992, og den er no funnen i meir enn 100 jordbærfelt spreidd over det meste av landet, sier Håvard Eikemo.
Rotstokkròte i jordbær har vorte eit problem i Noreg sidan sjukdomen vart oppdaga i 1992, og den er no funnen i meir enn 100 jordbærfelt spreidd over det meste av landet. Håvard Eikemo har i sitt doktorarbeid vist at det er stor variasjon i jordbærsortar si motstandsevne mot sjukdomen, og fleire av dei mest vanlege sortane i Noreg er svært mottakelege. Undersøking av genetisk variasjon hjå patogenet som årsaker sjukdomen har vist at det er liten variasjon, sjølv mellom isolat frå ulike kontinent. Testing av alternativ til kjemiske plantevernmiddel har vist at to produkt som fungerer ved å aktivere plantene sitt eige forsvar har like god effekt mot rotstokkròte som plantevernmidla som er i bruk i dag. Det eine produktet hadde også god effekt mot jordbærsjukdomen raud marg.
Fredag den 9. august forsvarde Cand. scient. Håvard Eikemo si dr. scient. avhandling "Resistance to crown rot (Phytophthora cactorum) in strawberry - genetic variation between isolates, screening methods, induced resistance and cultivar resistance" (Resistens mot rotstokkròte i jordbær - genetisk variasjon mellom isolat, metodar for resistenstesting, indusert resistens og sortsresistens) ved Noregs Landbrukshøgskole. Han føreleste først over emnet "Gråskimmel (Botrytis cinerea) i bær - biologi og bekjempelse" og orienterte om sitt vitskapelege arbeid.
Rettleiare: Hovudrettleiar for oppgåva har vore professor Anne Marte Tronsmo, Institutt for Plantefag, Norges Landbrukshøgskole med forskarane Arne Stensvand, Planteforsk Plantevernet og Jahn Davik, Planteforsk Kvithamar forskningssenter som assisterande rettleiarar.
Bedømingskomite: Professor Dan Funck Jensen, Institutt for Plantebiologi, KVL, Danmark, Forskar Arnfinn Nes, Planteforsk, Apelsvoll forskingssenter, avdeling Kise, Professor Karin Haffner, Institutt for Plantefag, NLH.
Personalia Håvard Eikemo (29) er frå Kaupanger i Sogn og Fjordane. Han tok graden cand. scient. ved Noregs Landbrukshøgskole i 1998, studieretning for Naturvitskaplige fag med hovudfaga genteknologi, proteinkjemi og plantepatologi. I perioden 1998 - 2002 har han vore stipendiat ved Planteforsk Plantevernet. Doktorgradsstudiet har vore finansiert av Noregs Forskingsråd og Planteforsk. Eikemo er no forskar i Planteforsk.
Avhandlinga Rotstokkròte er ein jordbærsjukdom som spreier seg med infisert plantemateriale til nye område, og den er svært vanskeleg å bli kvitt viss smitten har kome i jorda. Graden av sjukdomsutvikling i eit felt avhenger av kva jordbærsort som vert dyrka og av dei klimatiske forhold. Utbrot av sjukdomen kjem ofte i felt med dårleg drenering, og særskilt fryselagra planter er utsette. Det fins berre eit kjemisk middel (fosetyl-Al) som er tillete brukt mot rotstokkròte i Noreg i dag. God drenering, dyrking av motstandsdyktige sortar og kjemisk behandling er dei beste rådgjerdene mot sjukdomen.
Avhandlinga består av fire ulike arbeid og omhandlar mellom anna genetisk variasjon i patogenet (Phytophthora cactorum), metodar for resistenstesting, variasjon i resistens hjå jordbærsortar og utnytting av indusert resistens som rådgjerd mot sjukdomen. Over fleire år vart mange ulike jordbærsortar testa for motstandsevne mot rotstokkròte. Resultata viste at mange av sortane som vert dyrka i Noreg i dag er middels til svært mottakelege (t.d. Korona, Inga, Zephyr og Polka), medan sorten som var mest vanleg tidlegare, Senga Sengana, er svært resistent. Dyrking av meir mottakelege sortar er nok ein del av forklaringa på auken i utbrot av rotstokkròte dei seinare åra. Det finst resistens mot rotstokkròte i dagens sortsmateriale, og det er difor potensiale for nye sortar med betre resistens.
I arbeidet med genetisk variasjon mellom isolat av P. cactorum vart isolat frå ulike vertplanter samla inn frå mange geografiske lokalitetar, mellom anna Australia, Japan, Sør Afrika, USA og mange land i Europa. Studien viste at variasjonen mellom isolat av P. cactorum frå jordbær er svært liten, og dei skil seg klart frå isolat frå andre vertplanter.
Håvard Eikemo. 2002. Resistance to crown rot (Phytophthora cactorum) in strawberry - genetic variation between isolates, screening methods, induced resistance and cultivar resistance. The Agricultural University of Norway, Doctor Scientiarum Theses no. 2002:20. ISSN 0802-3220, ISBN 82-575-0502-1.