Plante- og miljøvitenskap
Ribes biebersteinii Johans - norsk utval i svartrips
Johannes Øydvin
Frø av svartrips Ribes biebersteinii (Berl.) merka 92-3185 innsamla i ca. 2000 m høgde i Georgia av Anders Often, Botanisk avdeling, Tromsø museum, vart først fordelt til Ragnar T. Samuelsen, Holt forskingsstasjon. Han kontakta forfattaren med spørsmål om vi kunne ha interesse i å overta. Frøet kom til Ås hausten 1992. Det spirde våren 1994, og 25 frøplanter vart planta på friland denne sommaren.
Ribes biebersteinii Johans
Foto: Johannes Øydvin
Det vart tidleg klart at svartrips er generelt dårleg tilpassa våre veksttilhøve. I den fjerde vekstsesongen døydde tre av frøplantene, i den femte ytterlegare ei frøplante, og slik heldt det fram. Tal overlevande minka år for år. Ved avslutta screening i 2009 stod det att berre ei frøplante. Utvalet L I 1/8-09 (merka
Ribes biebersteinii Johans) (Bilde 1) er dyrka i Ås i 16 år, og ser dermed ut til å kunne klare seg enkelte stader her i landet. Frøplantene blømde med sterkt raudfarga blomar og lange klasar, fleire hadde over 40 blomar i klasen. Alle planter som nådde fram til bløming, hadde svarte bær. Dei 10 første blømde og bar i den femte vekstsesongen. Ingen hadde store bær sett i høve til hos dyrka raudripssortar. Bæra smaka surt.
Oppdatert: 05.03.10
Utskriftsvennlig versjon
Del med en venn: