Sidenavigasjon: Hovedside / Institutter / Plante- og miljøvitenskap [Sidekart] [Kontakt] Plant and Environmental Sciences
Tekststørrelse
om umb
utdanning
forskning
english
150 ÅR
1859 - 2009

IPM
Hovedsiden

Om instituttet
Ledelse
Ansatte

Studietilbudet ved IPM

Student ved IPM

Forskning
Faggruppene
Doktorgrader
Publikasjoner

Isotoplaboratoriet


Plante- og miljøvitenskap

Tiltak mot klimagassar

Even Bratberg

Nedbryting av organisk materiale og nitrogenkrinslaupet i naturen frigjer klimagassar, der også landbruket er ein viktig bidragsytar. Bharat Man Shrestha frå Nepal har hatt dette som ein del av temaet for doktorgradsarbeidet sitt,



Avhandlingens tittel:
Land use and land use changes effects on organic carbon pools, soil aggregate associated carbon and soil organic matter quality in a watershed of Nepal

Landbruk bidrar til global oppvarming
Global oppvarming og utslepp av klimagassar blir viktigare og viktigare. Nedbryting av organisk materiale og nitrogenkrinslaupet i naturen frigjer klimagassar, der også landbruket er ein viktig bidragsytar. Dette er eit internasjonalt problem som det blir forska mykje på, og der UMB etter kvart har opparbeidd mykje kompetanse. Bharat Man Shrestha frå Nepal har hatt dette som ein del av temaet for doktorgradsarbeidet sitt, som er gjort ved Universitetet for miljø- og biovitskap (UMB).

Klimagassane
De tre viktigaste klimagassane er CO2, metan og lystgass (N2O). Dei er alle ein del av det naturlege krinslaupet i jorda, der karbon (C) er ein viktig bestanddel. Skog og jord er viktige reservoar for terrestrisk karbon og kan avhengig av driftsform og råme, vere både eit lager for karbon og ei kjelde for utslepp. Doktoravhandlinga til Bharat Man Shrestha har tittelen: ‘Effektar av arealbruk og arealendringar på karbonlager i jord’, som i hovudsak er basert på resultat han har frå feltgranskingar i Nepal. Men problemstillinga er internasjonal, og resultata kan difor overførast hit til landet.

Karbon i jorda
Hovudmålet med denne undersøkinga er å estimere den mengda karbon (C) som finst i vegetasjon, og som er bunden til enkeltpartiklar og aggregat i jorda; i tillegg til å undersøkje og vurdere kvaliteten av det organisk materialet i jord ved ulike bruksmåtar og nedbørmengder. Dette skal danne grunnlaget for å berekne karbonmengda i jorda og modellere dette og utslepp av klimagassar ved ulike, klimatiske forhold frametter til år 2050. Undersøkinga viser at både kvalitet og mengd organisk materiale i jorda blei påverka av driftsforma. Kultivert jord har mindre stabile aggregat, som gir større utslepp av klimagassar enn areal med velstelt skog.

Bharat Man Shrestha (39) er frå Nepal. Etter skogbruksutdanning i Nepal kom han til Noreg i år 2000. Her tok han først, i 2002, Mastegrad ved Noregs landbrukshøgskole. I 2003 blei han oppteken som doktorstipendiat ved Universitetet for miljø- og biovitenskap (UMB) på det norske kvoteprogrammet til Statens lånekasse for utanlandsstudentar. Etter avslutta doktorgard reiser han tilbake til Nepal for å ta kunnskapane sine i praktisk bruk i heimlandet.




Oppdatert: 05.12.07
Utskriftsvennlig versjon

Del med en venn:




 
 
Institutt for plante- og miljøvitenskap
Postboks 5003
1432 Ås                       
    
Ekspedisjon Jordfagbygningen:
Telefon:(+47) 64 96 56 00
Faks: (+47) 64 96 56 01        
  
Ekspedisjon Tårnbygningen:
Telefon:(+47) 64 96 56 02
Faks: (+47) 64 96 56 15


E-post: ipm@umb.no

Relasjoner til saken

Veileder:
Professor Bal Ram Singh, IPM

Bedømmelseskomité:
Professor Thomas Kätterer, Department of Soil Science, SLU
Professor Pete Smith, School of Biological Sciences, University of Aberdeen,
Associate Professor Line Tau Strand, Institutt for Plante- og Miljøvitenskap, UMB