Studentenes infoTorg (SiT)
Fusk ved eksamen
Studieavdelinga
Vurderer du å fuske på eksamen eller på oppgåva di? Her er noen tips! Studentar som har fuska kan bli utestengt fra UMB i opptil eit år. Studenten kan også bli fråtatt retten til å gå opp til eksamen ved andre universitet og høgskular i same tidsrom. Eksamen i emnet vil bli annullert.
Studentar som har fuska kan bli utestengt fra UMB i opptil eit år. Studenten kan også bli fråtatt retten til å gå opp til eksamen ved andre universitet og høgskular i same tidsrom. Eksamen i emnet vil bli annullert.
Eksempel på kva som kan vere
fusk:
• Bruk av mobiltelefon og annan elektronisk utstyr under eksamen
• Svar som er henta ut frå internett og heilt eller delvis utgitt som eige svar
• Svar som heilt eller delvis har vore brukt av ein annan person ved ein tidlegare eksamen
• Svar som heilt eller delvis er utarbeida av ein annan person
• Svar som heilt eller delvis har vore brukt av studenten ved ein tidlegare eksamen
• Innlevert arbeid av praktisk eller kunstnerisk art som er laga av andre enn studenten sjølv
• Gjengiving/sitat frå lærebøker, andre fagbøker, andre sine oppgåver, materiale som er henta frå internett osv. som er framstilt utan kjeldehenvising og utan klar markering av at det er gjengiving/sitat
• Ulovlege hjelpemedel som er tilgjengeleg under eksamen/prøve
Som student må du sette deg grundig inn i reglane som gjeld bruk av kjelder og referansar. Det same gjeld tillatne hjelpemedel. Dersom du er usikker på gjeldande reglar, oppfordrar vi deg til å ta kontakt med ditt fagmiljø.
Det er universitetsstyrets klagenemnd som vedtek kva for sanksjonar fusk skal få.
Universitetsstyret har vedtatt
Retningslinjer for behandling av fusk og forsøk på fusk til eksamen og prøve Her står det meir om korleis saker der det er mistanke om fusk blir handsama.
I lov om universitet og høgskular av 1. april 2005 §§ 4-7 og 4-8 nr. 3 står det at eksamen kan bli annulert og at studenten kan bli utestengt ved fusk.
Publisert: 01.09.11
Oppdatert: 09.09.11
Utskriftsvennlig versjon
Del med en venn: