Sidenavigasjon: Hovedside / Utdanning / Studentenes infoTorg [Sidekart] [Kontakt] SiT English
Tekststørrelse
om umb
utdanning
forskning
english
150 ÅR
1859 - 2009

Studentenes informasjonsTorg
Hovedsiden

Studiehåndboka ECTS
- Studieprogrammene
- Emnebeskrivelser

Informasjon
- Semesterregistrering
- Time- eksamensplan
- Eksamen
- Forskrifter
- Skjema og maler
- Masterstudenter
- Vitnemål
- PhD studier
- Delstudium i utlandet

Bedre studiehverdag
- Læringsmiljøet
- Tilrettelegging
- Trenger du hjelp?
- Karriereveiledning
- Kvalitetssikring
- Læringsmiljøutvalget
- Språkportalen

Selvbetjening
- Fronter
- StudentWeb
- SøknadsWeb

Nyttige studielenker
- Athene - studentportal
- Entreprenørskap
- Studentsamskipnaden
- student.umb.no
- utdanning.no
Studentenes infoTorg

Karriererettleiing

SiT

Korleis søkje jobb? Jobbsøking er ein prosess som krev hardt arbeid og konsentrasjon. Mange føler seg usikre på denne prosessen, og spesielt dei som søkjer på sin første jobb.


Det er ikkje sånn i dag at du får ein jobb. Jobb er noko du må skaffe deg sjølv. Men korleis går du fram for å skaffe deg ein jobb?


Her finn du informasjon om jobbsøkjarprosessen og hjelp til å skaffe deg ein jobb der du vil trivast og utvikle deg. Vi har laga ein samla oversikt over jobbsøkjarprosessen, og vil gje deg nokre gode råd og tips.

 
Det er du sjølv som må styre prosessen, og ein god måte å starte på er ved å stille deg sjølv spørsmål som: 
- Kva slags jobb ynskjer du?
- Kven ynskjer du å arbeide for og med?
- Kva forventar du av deg sjølv?
- Kva trur du arbeidsmarknaden forventar av deg?
- Kvifor vil du jobbe akkurat her?
- Korleis kan du løyse dei arbeidsoppgåvene som skal utførast på ein god måte?


Korleis finn du jobbane?
Kvar er dei ledige jobbane? Ofte er jobbane der, men spørsmålet er korleis du skal finne dei. Undersøkingar viser at so mange som 60% av stillingane ikkje blir lyst ut gjennom vanlege kanalar. Dette talet kan vere noko høgt, men at mange jobbar aldri blir offentleg utlyst er udiskutabelt.

Korleis går du fram for å finne jobbane som ikkje er utlyst? Her er det viktig å vere kreativ og nyttiggjere seg dei moglegheitane du har. Du kan oppsøkje arbeidsgjevar direkte og sende presentasjonsbrev eller open søknad. Hugs også å bruke dei nettverka du har. I tillegg til tidlegare arbeidsgjevarar, vennar og familie, kan du også skaffe deg kontaktar til dømes via naboar og vennars vennar. Besøk også bedrifta si eiga heimeside.

Det er ofte mange søknadar til jobbar som er utlyst. Dei fleste avisene har stillingsannonsar, men fleire og fleire brukar internett som einaste annonsekanal. Nav.no er ein av mange stillingsbasar på internett. Dei fleste "startsider" på nettet inneheld ein oversikt over stillingsbasane på internett. Ofte kan du også legge inn din eigen CV i desse databasane.

Stillingsanalyse
Søknaden skal vere tilpassa den jobben du søkjer på. Lever aldri standardsøknadar, det gir inntrykk av at du ikkje er motivert for denne konkrete stillinga. Ein søknad på ein jobb som er annonsert er eit svar på utlysingsteksten, der du skal overbevise arbeidsgjevar om at du er ein aktuell kandidat som bør kallast inn til intervju.

Annonselesing
Stillingsannonsen er bedrifta sin henvendelse mot kompetansemarknaden for å synliggjere at bedrifta har eit kompetansebehov. Bedrifta ynskjer gjennom stillingsannonsen å fortelje noko om verksemda, og å selge ein jobb. Gjennom stillingsannonsen opnar det seg ein unik moglegheit for bedrifta til å styrkje profilen og imaget sitt, ved å gje ei kort skildring av firmaet og dei arbeidsoppgåvene dei ynskjer å få løyst. 

Søknaden
Søknad og CV skal hjelpe deg på vegen fram til eit eventuelt intervju. Eit av suksesskriteria for å oppnå dette er at du tar deg god tid når du skal utforme søknaden. Standardsøknadar eller blåkopiar bør unngås.
- Til toppen

CV-en
Det nyttigaste dokumentet til ein kvar rekrutterar er CV-en. Den er det viktigaste førsteinntrykket ho eller han får av deg som jobbsøkjar. CV-en skal vere ei skjematisk og utfyllande historisk oversikt over fortida di. Den skal på ein ryddig og oversiktleg måte vise kva for utdanning, arbeidserfaring og ynskjer du har for ein framtidig jobb. CV-en skal vere ei objektiv faktaskildring av bakgrunnen og erfaringane dine, og skal settast opp i systematisk og kronologisk rekkefølgje.  

Intervjuet
Tradisjonelt er jobbintervjuet den utvelgelsesmetoden ein brukar ved tilsetting av nytt personale. Søknad og CV er den dokumentasjonen du blir vurdert ut ifrå, og som legg grunnlaget for om du blir invitert til eit førstegangsintervju. Her har du moglegheiten til å vise fram engasjement og positiv innstilling.


Jobbsøkjarkurs hos SiT.

Ledige stillingar

- Til toppen

 

Søkeord for artikkelen: Karriere, karrieresenter, karriersenteret, karriereveiledning, jobbsøkerkurs, jobbsøking, hvordan søke jobb, CV



Publisert: 08.08.09
Oppdatert: 09.09.11
Utskriftsvennlig versjon

Del med en venn:




 
 
Studentenes informasjonstorg

SiT er universitetets informasjonstjeneste for studenter.

Åpningstidene er mandag til fredag fra kl. 10.00-14.00

Telefontid:
Sommertid (15. mai - 14. september) 08:00 - 15:00.
Vinterstid (15. september - 14. mai ) 08.00-15.45.

Vi er bl.a. behjelpelig med:
- Semesterregistrering
- Eksamensoppmelding
- Studiehåndboka
- Studieveiledning
- Veiledning i utenlandsstudier
- Karriereveiledning

- Andre spørsmål og svar
E-post: sit@umb.no
Telefon: 64 96 61 00
Telefaks: 64 96 60 21


Relasjoner til saken

Innhold:
- Stillingsanalyse
- Annonselesing
- Søknaden
- CV
- Intervjuet
- Ledige stillinger

Mer informasjon:
Presentasjonsbrosjyre
Ideportalen

NAV
Stillinger.no 
Jobb24
Finn.no 
ISFAE
Karrierestart.no
Jobbnorge
Careerjet.no
Manpower.no
Adecco
Stepstone
Aftenposten jobb
Karrieremagasinet
Utdanningsmagasinet
Eures- jobbsøking i utlandet
Working abroad