Alle som skal studere og/eller ta eksamen ved Universitetet for miljø- og biovitenskap (UMB) må betale semesteravgift og semesterregistrere seg. Du må godkjenne utdanningsplanen din for å bli semesterregistrert.
Utan oppmelding og utan betaling av semesteravgift - ingen eksamen. Hugs at det er DU som må sjekke at du er oppmeldt!
6 grunnar til å semesterregistrere seg og betale semesteravgift: - for å få/oppretthalde studierett ved UMB - for å ta eksamen - for å få studentkort - for å få semesterkvittering med semesterkort - for å få tilgang til emnene dine i Fronter - for å få utbetalt lån frå Lånekassen
Semesterregistrering skjer via www.studweb.no. StudentWeb er ein webapplikasjon for kommunikasjon mellom studentar og universitetets studentsystem FS. StudentWeb omfattar mellom anna: - godkjenning av utdanningsplan/semesterregistrering - adresseendring - eksamensoppmelding, trekk før eksamen - eksamensresultat - betalingsinformasjon
Er du usikker på korleis du skal gå fram i StudentWeb, kan du lese meir om det her. I tillegg vil du finne informasjon om dei andre tjenestane StudentWeb inneheld.
Semesteravgifta må vere betalt før du kan semesterregistrere deg. Ny fil med betalingstransaksjonar blir henta kvar dag frå Bankane sin betalingssentral. Det kan ta opp mot ei veke frå du har betalt, til betalinga er registrert.
I tillegg til eksamensoppmeldinga, skal studenten kontrollere at person- og studieopplysingar stemmer. Pass derfor på å oppdatere ved eventuelle endringar.