Skoletjenesten
Geofag
Helene Børretzen Fjørtoft
UMB har sterke fagmiljø innan geologi, geomatikk og fornybar energi. Me har nokre ferdige undervisningsopplegg som passar til geofag, og fleire er under utarbeiding. Ta kontakt dersom det er noko du saknar.
Feltarbeid
Foto: Kristiane Bræck Larsen
GPS-avatarGeomatikk er fagfeltet som utviklar mange av hjelpemidla ein brukar i geofag. I dette praktiske opplegget skal ein bruke GPS og mobiltelefon for å styre ein avatar (medelev) til postar i landskapet for å sanke poeng.
EnergikampenKorleis kan ein utnytte fornybar energi i form av vind på ein best mogleg måte? Her lærer elevane om korleis ein vindturbin utnyttar naturkreftene til å produsere elektrisitet og får prøve seg som ingeniørar i konkurransen om å bygge den mest effektive vindturbinen.
BioenergilabSola varmar godt om sommaren i Noreg, men når me treng oppvarming innandørs er den ikkje så merkbar. Er solfangarar eit reelt alternativ her i landet? På bioenergilaben kan ein kikke på dei to solfangarane som er plassert på taket og rekne ut kor mykje straum ein sparar i løpet av eit år. Ein får òg sett på andre fornybare energikjelder som er aktuelle i Noreg.
Publisert: 12.12.11
Oppdatert: 20.06.12
Utskriftsvennlig versjon
Del med en venn: