Sidenavigasjon: Hovedside / Sentrale enheter / Språkportalen [Sidekart] [Kontakt] Language Portal
Tekststørrelse.

Språkportalen
Hovedsiden

Verktøy
- Finn ord
- Finn oversetter
- Skriv godt
- Lær språk

Språkpolitikk for UMB

Bokmål til nynorsk

Klart språk i staten

Arkiv
Språkportalen

Nyno programvare

Studieavdelingen

Nytt språkverkty (Nyno) er innkjøpt og gjort tilgjengeleg for tilsette og studentar ved UMB.


Nynodata AS har utvikla Nyno, eit dataprogram som omset tekst frå bokmål til nynorsk.

Programmet effektiviserer arbeidet med å skrive om tekstar frå bokmål til nynorsk og gir hjelp til ein konsekvent formbruk.

Nyno gjer mellom anna dette:
• Omset på ein enkel måte ein bokmålstekst til nynorsk, delvis automatisk og delvis i samarbeid med brukaren
• Skriv automatisk om genitivsuttrykk og passivform av verbet
• Viser alternative avløysarord for fleirtydige bokmålsord
• Gir høve til å bruke nesten alle valfrie ordformer og bøyingsformer innafor nynorsk rettskriving
• Tilpassar nynorsken geografisk etter landsdel

Du treng 30 minutt for å kome i gang
- La programmet demonstrere seg sjølv gjennom vår sjølvgåande demo.
- Les meir om programvaren hos Nynodata AS

Nyno for tilsette
Programmet kan startast som sjølvstendig program eller som ein del av Microsoft Word.
Som sjølvstendig program må du skrive eller lime inn teksten i programmet og velje omsetjing. Integrert i Word vel du omsetjing direkte.

It-ansvarleg ved instituttet eller eininga din hjelper deg med tilgang til programmet på PCen din.

Nyno for studentar
Nyno vil bli tilgjengeleg ved semesterstart hausten 2006 for studentar som nyttar studentmaskinene ved universitetet. Programmet vil då vere integrert i Word på maskinene.

Nyno studentversjon på privat datamaskin
Du kan sjølvsagt også nytte Nyno på datamaskiner som ikkje er knytt til nettverket ved universitetet.
I samband med leveransen til universitetet tilbyr Nynodata AS Nyno studentversjon til 25% rabatt av normal pris, slik at prisen blir kr.375,- pr. lisens.
Dette tilbodet gjeld studentar registrerte ved UMB.

Studentlisens med spesialpris kan bestillast over e-post til salg@nynodata.no

- Les meir om Nyno studentversjon
- Les om forskjellen mellom profesjonell versjon (tilsette) og studentversjon.







Oppdatert: 04.02.09
Utskriftsvennlig versjon

Del med en venn:




 
 
Språkportalen

Studieavdelingen
Postboks 5003, 1432 Ås
Tlf: (+47) 64 96 50 00
Faks: (+47) 64 96 50 01
- Kontakt UMB

 
Relasjoner til saken