Studentstyret
Gamal travar på nytt beite
Arnstein Bruaset
Den viktigaste ressursen i kunnskapsbedrifta UMB er det vi har i hovuda våre. Dette må vi ta vare på og vidareutvikla i fellesskap, seier den nye administrerande direktøren Nils Dugstad (51) som starta opp 1. mars.
Med slekts- og namneaner til OL-bygda Voss skal Ås-mannen og NLH-kandidaten Nils jobba med mellom anna administrasjon og forvaltning av den store areal- og bygningsmassen til universitetet på Ås.
- Vi skal no sjå nærare på korleis vi løyser administrasjonsoppgåvene ved UMB – sentralt og lokalt - gjennom det som til no er kalla administrasjonsutviklingsprosjektet. Her vert det fleire delprosjekt, og vi startar i Cirkus med sentraladministrasjonen. God administrasjon og gode støttefunksjonar er viktige for universitetet, og mykje godt arbeid vert gjort i dag. Men alt kan bli betre og det er den vegen vi no skal gå i lag, seier Nils Dugstad.
Landbruksøkonom med brei leiarerfaring
Nils er godt kjent med universitetet. Han har budd i Ås sidan 1980 og er NLH-kandidat i landbruksøkonomi frå 1985. I hovudoppgåva såg han på ”Barns oppvekstvilkår i landbruket”, med Gudbrand Skiaker som rettleiar. Etter studiane gjekk vegen til Norsk Studentunion.
Halvanna år etter kom Nils Dugstad attende til NLH som konsulent i økonomiavdelinga og økonomidirektør frå 1987 til 1999, med eit avbrot som avdelingsdirektør på dåverande Institutt for tekniske fag. Deretter bar det litt lenger ut i verda til stillinga som økonomidirektør ved Universitetet i Oslo og assisterande direktør ved Sentralsjukehuset i Akershus.
Meir økonomi
I åra 2001 til 2004 var Nils Dugstad økonomidirektør for Forsvarsbygg si eigedomsforvalting. Der leia han oppbygginga av økonomifunksjonen og arbeidet med å verdsette eigedomsmassen til den største eigedomforvaltaren i landet. Dette var ei sers omfattande og krevande oppgåve.
Frå forsvaret gjekk vegen i 2004 til Senter for statleg økonomistyring, med 2. etasje i Cirkus på UMB som neste stopp. Her ventar mange utfordringar knytta til leiing, administrasjon og forvalting av store verdiar hjå den store grunneigaren og den største arbeidsplassen i Ås kommune. Og i Asker ligg Sem på lur, og kanskje kjem veterinærane…
Store endringar- Etter berre nokre dagar merkar eg at det nye universitetet på Ås er noko heilt anna enn den gamle vitskaplege høgskulen. Det er mykje nytt å setja seg inn i, og eg legg stor vekt på å koma rundt og prata med folk for å finna meir ut kor landet ligg, sier den nye administrerande direktøren.
Over Søråsjordet
Med kone i full jobb i Mattilsynet i Oslo og travel kvardag, er det godt å kunna gå frå Søråsvegen og over Søråsjordet til Cirkus på 10 minutt. Hytta på Krokskogen er og viktig for familien på fem der to av borna alt har flytta ut; den eldste heilt til Slovakia for å studera medisin. Og når våren snart kjem vert det nok turar på BMW-motorsykkelen som Nils er glad i.
Oppdatert: 15.03.06
Utskriftsvennlig versjon
Del med en venn: