Studentstyret
Legg ned kinoen
Ingvar Åberge
Hei.
Etter mitt syn kan kinoen i Ås berre leggjast ned. Det er så kort veg til Ski, at ingen som vil sjå film har noko problem med å koma seg dit.
Dertil
kjem at så vidt eg forstår må kommunen sponsa kinoen, og eg tippar at kommunen har betre ting å bruka pengar på enn unødvendig kinodrift. Slik som kinoen vert driven i dag har ein i alle fall svært lite att for dei pengane som vert brukte på kinostøtte: Billettprisane er høge, og filmtilbodet elendig. Det kan sjølvsagt tenkjast at med ei anna leiing hadde kinoen vorte mykje betre, men så langt har det i alle fall ikkje skjett i praksis.
Dyr, dårleg og unødvendig. Det er tre stikkord for kinoen i Ås. Om kommunen vil leggja han ned, så gjerne for meg! Det vert så allikevel ikkje noko merkbart tap. Dei som vil merka tapet mest er truleg Filmklubben, dersom kinoutstyret vert selt slik at dei ikkje kan få låna kinolokalet til medlemsframsyningane sine lenger. Det kan likevel argumenterast for at det kan vera greitt å ha ein kinosal med filmframvisarutstyr ståande, slik i alle fall, og i så fall burde vel Filmkluben kunna få lov til å halda fram med aktivitetane sine som før? (I alle fall inntil vidare?)
Venleg helsing
Ingvar Åberge
Oppdatert: 08.03.05
Utskriftsvennlig versjon
Del med en venn: