Studietilbud 2013
Yrkeseksempel Landskapsarkitektur
Helle Skjervold
Ragnhild Momrak (39) arbeider som landskapsarkitekt i Snøhetta.
-
Kva arbeider du med no?
Eg er landskapsarkitekt i Snøhetta. Der jobbar eg med alt frå små detaljar på ei lysmast til utforming av parkar, store vegprosjekt, byar og tettstader. Det eg lagar skal stå i 100 år, og då er det viktig å vera både audmjuk og litt frekk. Som landskapsarkitekt møter eg mange ulike menneske; det er ei spanande utfordring.
-
Kva for nytte har du av utdanninga teke ved NLH*?
NLH* er veldig god på den naturvitskaplege delen av faget, som botanikk, geologi, jordlære og klima. Eg har spesielt god bruk for plantekunnskapen som er ein av dei viktigaste faglege skilnadane mellom oss landskapsarkitektar og andre arkitektgrupper.
* = tidligere NLH, nå Universitetet for miljø- og biovitenskap, UMB.
Oppdatert: 17.12.04
Utskriftsvennlig versjon
Del med en venn: