Sidenavigasjon: Hovedside / Utdanning / Studietilbud 2012 [Sidekart] [Kontakt] Study Options
Tekststørrelse
om umb
utdanning
forskning
english
150 ÅR
1859 - 2009

Studietilbud 2012
Hovedsiden

Fra videregående:
- Bachelor
- Master fem-årige
- Ettårig grunnstudium
- Frie realfag

Med bachelorgrad:
- Master to-årige
- PPU

Med mastergrad:
- PhD studier
- Etter/videreutdanning

Andre studietilbud

Finn ditt studie:
- Hva interesserer deg?

Informasjon
Delstudier i utlandet
Emneoversikt
Hvor er UMB?
Om å studere ved UMB
Opptakskrav
Søknadsskjemaer
Studieveiledere
Yrkeseksempler

Åpen dag 8. mars

Studieguide
Send meg studieguiden
Studieguiden 2012 (pdf)

Følg oss på Facebook

UMB i sosiale medier
Studietilbud 2012

Yrkeseksempel Miljø- og naturressurser

Kjetil Finsrud

Bjørg Lirhus arbeidar som miljøhygienikar ved Miljørettet helsevern i Indre Østfold IKS (MHVIØ).



Kan du fortelje litt om den jobben du har no?
- Eg jobbar i eit Interkommunalt selskap med 4 tilsette. I tillegg til meg jobbar det 1 lege, 1 ernæringsfysiolog og 1 ingeniør. Me jobbar difor innan eit breitt spekter av fagområder. Førebyggande helsearbeid er hovudmålet, og eg har ansvar for saksbehandling og rådgjeving innanfor fylgjande fagfelt/tema: badevatn, private drikkevasskjelder, slam, utslepp frå separate hus, skadedyr, tilsyn med badebasseng og frisør- og hudpleiesalongar. Mange varierte oppgåver både på kontoret og ute i felten.

Kvifor valgde du UMB?
- Ganske tilfeldig. Byrja på Ås fordi eg hadde lyst til å studera biologi og husdyretologi. Etterkvart fann eg andre fag som og var interessante, og enda opp med hovudsakeleg geofag.

Kva for nytte har du av utdanninga di i jobben?
- Eg har arbeidsoppgåver innanfor eit breitt fagfelt, og såleis har det vore veldig nyttig for min del å ha den breie utdanninga som eg fekk mogelegheit til å ta på Ås. Har både grunnfag biologi og geofag.

Kva kan du seie om studentmiljøet på Ås?
- Studentmiljøet ved UMB er heilt fantastisk, og vil nok vera det eg kjem til å tenkja på når eg skal minnast dei 5 åra som student på Ås. Eg har fått sjansen til å verta kjent med utruleg mange bra folk! Eg trur vel heller ikkje det er mange stader ein finn så mange bra bukollektiv som på Ås!

Nokre råd til kommande studentar?
- Det er viktig å ta fag ein tykkjer er interessante, og som har inspirerande og gode førelesarar. Dette er spesielt viktig ved val av masteroppgåve, då det her er heilt naudsynt å ha inspirerande veiledning. Engasjemang i ymse lag og foreningar på samfunnet er veldig inspirerande og morosamt. Av dette har eg lært veldig mykje – og fått mange artige venner. Når ein har det bra sosialt klarar ein yta meir på skulen og! Trur det kan vera lurt å snusa borti eit breitt spekter av fag i starten av studiet. Det er og ein fordel å ta litt økonomifag, jus og forvaltingsfag, spesielt dersom ein ser for seg ein jobb i det offentlege.

Oppdatert: 28.11.05
Utskriftsvennlig versjon

Del med en venn:




 
 
Studietilbudet ved Universitetet for miljø- og biovitenskap

Studieavdelingen ved UMB
Boks 5003, 1432 Ås
Tlf: 64 96 61 00
Faks: 64 96 60 21
E-post: opptak@umb.no






Relasjoner til saken

Informasjon om:
- master i mijlø- og naturressurser