Valg
Suppleringsval - mellombels tilsette i universitetsstyret
Ingeborg Hauge Høyland
Sigrid Gåseidnes sluttar ved UMB 1.12. 2011 og vararepresentant Even Bergseng går inn som fast medlem av US. Valstyret gjennomfører val på ny vararepresentant.
Valgurne
Foto: Henrik Mikkelsen
Val av medlem valt av dei mellombels tilsette i undervisings- og forskarstillingar, vil gå føre seg i perioden 14. til 16. desember 2011.
Forslag til kandidatar må vera Valstyret i hende seinast 8. desember kl 15.00 2011.
Styret ved Universitetet for miljø- og biovitenskap skal bestå av:
(jf § 13 i Valreglementet for UMB)
• rektor (styrets leder)
• to representantar for de fast tilsette i undervisnings- og forskarstillingar
•
ein representant for de midlertidige tilsette i undervisnings- og forskarstilling
• ein representant for teknisk og administrative tilsette
• to representantar for studentane
• fire eksterne representantar
Funksjonsperioden for dette styret er 1.8.2010 til 31.7.2013.
Representanten og vararepresentanten valt av og blant dei mellombels tilsette i undervisings- og forskarstilling, vert valt for eit år om gongen.
Ved dette suppleringsvalet skal det velgjast ei
kvinne, jf valreglementet § 13 nr 5 bokstav b.
Kven kan nominserast og veljast?
Ved dette suppleringsvalet er dei som har tilrådt minst 50 prosent stilling i denne stillingskategorien pr 15. november 2011 som har stemmerett og kan veljast.
Den som er tilsatt for mindre enn eit år, er ikkje valbar med mindre vedkommande har vore tilsatt samanhengande ved universitetet i minst eit år når valet vert halde.
For meir utfyllande informasjon sjå Valreglementet § 14.
Manntal
Alle som har stemmerett i denne kategorien, kan fremja forslag på kandidatar. Manntalet vert lagt ut fredag den 18. november 2011.
Forslaget må vera underteikna av minst fem personar som har stemmerett i høve til denne kategorien.
For meir utfyllande informasjon sjå Valreglementet § 16.
-
Skjema for nominasjon (pdf)
Aktivitetar - styreval
| Tidsplan
|
Manntalet vert lagt ut til gjennomsyn på intranettet
| 18. november
|
Frist for å klage på manntalet
| 1. desember kl 15.00
|
Forslag på kandidatar levert til valstyret
| 8. desember kl 15.00
|
Offentleggjering av kandidatar
| 9. desember
|
Valkampmøte
| 14. desember kl 12.15
|
Valperiode
| 14. des. frå kl 12.00 til 16. des. kl 12.00
|
Offentleggjering av valresultatet
| 16. desember
|
Publisert: 15.11.11
Oppdatert: 22.11.11
Utskriftsvennlig versjon
Del med en venn: